
Straumshamn-Bjørkedalen
Utbygginga i området Straumshamn-Bjørkedalen er i rute.
Her finn du meir informasjon.
08.12.22: Ein gledens dag!
Alle som meldte i frå at dei stod utan nettforbindelse frå Telenor har no fått tilbod om installasjon av tussafiber. Heile 40 av 43 «nettlause» er no kopla til fibernettet vårt. Dei tre gjenståande får installert når dei ynskjer det!
Samla har vi fått 80 husstandar på nett, og ytterligare 25 har no fiber på husvegg. Alle som ynskjer installasjon før jul skal vi klare å få på nett.
Vi er ikkje i mål før alle er nøgde her, så vi køyrer altså på no i adventstida for at alle ikkje berre skal få seg ei fin jul, men også ei bra breibandsjul😉
___
10.11.22: Vi er no godt i gang med oppkoplingar av kjekke fiberkundar i feltet.
Til no har vi fått 25 husstandar på nett, og 70 har fiber på vegg. Vi har til no prioritert dei som står utan nett frå Telenor, så over halvparten av dei nettlause har altså fått Tussafiber!
De har kanskje sett aktivitet i sjøen inn mot Kile og i vatna opp mot Bjørkedalsvatnet? Det er ikkje ein ny Kon-Tiki-ekspedisjon, men arbeidet med fiberlegging som går for fullt ;)
Vi kjem til å fullføre all sjøkabellegging denne veka, og flyttar i dag flåta til Bjørkedalsvatnet. Bjørkedølingane får òg fibernett i hus så fort vi har skjøtt kabelendane som no blir lagde.

___
28.10.22: Vi har no fått fullskjøtt fiberforbindelse mellom Volda sentrum og Straumshamn.
Vi kan også melde at fibernoda vår på Straumshamn blir satt straum på komande mandag og då sett i drift tysdag. Over 40 kundar har fått fiber til husvegg, og vi kjem over helga til å ringje på dei kundane vi kan få på nett raskt.
Det hadde vore veldig stas om vi fekk fyrste kunde på Tussafiber allereie onsdag 2. november. Når det gjeld arbeidet med sjøkabellegging inn til Kile, i Nedstevatnet, Midvatnet og Bjørkedalsvatnet så blir det utført i veke 45.
Vi er altså per i dag i god rute med å få alle over på lynraskt fibernett til nyttår!
___
21.10.22: Sjøkablane over Austefjorden til Straumshamn er på plass.
No gjenstår det å få lagt sjøkablane til Kilspollen, i Nedstevatnet, Midvatnet og i sjølvaste Bjørkedalsvatnet. Denne jobben tek vi til med no snarast råd. Vi er altså snart ferdige med fibernettet, og Tussa Installasjon er godt i gang med blåsing og skjøting av fiberkablar. Innan kort tid vil vi også starte med installasjon i heimane. Meir informasjon kjem på det.
Viktig: Graving av fibergrøft
Nokre har sjølv ansvar for å grave grøfta og legge ned rør frå tomtegrensa og inn til huset.
Vi minner om graving av eiga grøft og legging av rør dersom du ikkje er ferdig med det. Det er viktig at røret ligg klart når montøren kjem, slik at du kan få fiberen heilt fram til huset.
Dersom du ønskjer at Tussa Installasjon skal grave fibergrøfta di, må du snarast avtale dette direkte med dei. Kontaktperson er: Øyvind Andersen - 48350451.
___
26.09.22:
Arbeidet med utbygging av fiber på strekninga Straumshamn-Bjørkedalen har gått som planlagd, og vi vil starte med installasjon i området Straumshamn, Bjørneset, Årvika og Kile tidleg i november.
Vi er omtrent i mål med blåsing/skjøting på Nøre Bjørkedal og store delar av Helset, og det meste av graving er ferdig mellom Helset og Kile.
Sjøkablane som skal leggast er oss i hende, og skal leggast no i oktober. Søknaden om luftkabel er innvilga, og vi prioriterer no å få denne på plass.
___
Tussa og Volda kommune har inngått ei avtale om å byggje ut fiber på strekninga Straumshamn-Bjørkedalen. Du kan lese meir om samarbeidet her.
Ta kontakt med kundesenteret på telefon 70 04 63 00 eller kontaktskjema for å bestille.

Dersom du har spørsmål kan du kontakte kundesenteret vårt på 70 04 63 00 eller sende inn kontaktskjema.