Henning Eiksund
Gruppeleiar bustad service, Ørsta
Tussa Installasjon
Du har sjølv ansvar for at det elektriske utstyret og installasjonane i huset ditt er trygge og stettar styresmaktene sine krav. Noko kan du gjere sjølv, men dei fleste kontrollpunkta må ein elektroinstallatør utføre.
Det finst ei rekkje produkt på marknaden som gjer det elektriske anlegget ditt tryggare. Vi har høg kompetanse på området. Ta kontakt for eit utforpliktande tilbod.
El-kontroll er noko av det viktigaste du kan gjere for å hindre brann i bustaden din. Det elektriske anlegget er i bruk heile døgnet, og ein kontroll av tilstaden er difor fornuftig. Det er du som har ansvaret for det elektriske anlegget i bustaden din, og det er mange gode grunnar til å la fagfolk ta ein el-kontroll for deg!
Når vi gjennomfører ein el-kontroll kjem ein av dei dyktige elektrikarane våre på besøk, kontrollerer det elektriske anlegget og utarbeider ein statusrapport med informasjon om kva som eventuelt må utbetrast. Samtidig får du gode råd om energisparing og trygg bruk av straum og elektriske apparat.
El-kontroll gir rabatt hos dei fleste forsikringselskap.
Ta gjerne kontakt for å høyre meir om kva vi kan gjere for deg.
Gruppeleiar bustad service, Ørsta
Tussa Installasjon
Gruppeleiar bustad service, Ulsteinvik
Tussa Installasjon
Prosjektleiar/servicekoordinator, Ulsteinvik
Tussa Installasjon
Prosjektleiar, Fosnavåg
Tussa Installasjon
Servicekoordinator privat- og næringsmarknad, Stryn
Tussa Installasjon
Avdelingsleiar Stryn
Tussa Installasjon