Kva leitar du etter?

Teknisk støtte til gaming og LAN

Søk om teknisk støtte og internett med høg hastigheit til gaming og LAN.

Desse støttar vi

Vi støttar LAN og andre gamingarrangement for barn og ungdom i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stranda og Stryn. Arrangementet må vere i regi av frivillige lag/organisasjonar. Vi støttar ikkje private datatreff.

Søknadsskjemaet under gjeld for Tussa si teknikkpakke. Dersom du ønskjer å søkje om økonomisk støtte, må du fylle ut søknadsskjema om sponsormidlar.

Tussa tilbyr følgjande teknikkpakke

  • Internett med høg hastigheit
  • Brannmur
  • Switchar og patchesnorer
  • Tussaligaen sine gaming-PCar og tilhøyrande utstyr

I søknadsskjemaet kryssar du av for det du er interessert i. Du må sjølv hente og levere utstyret på kontoret vårt i Hovdebygda.

Slik får du støtte

  1. Send inn søknaden minst ein månad før datoen for arrangementet. Du vil få svar på e-post om du får støtte eller ikkje. Søknader som blir sendt inn mindre enn ein månad før arrangementet kan få avslag grunna at Tussa får for kort tid til å organisere teknisk støtte.
  2. Dersom du får støtte inviterer vi til eit møte for å avklare kva tekniske behov de har. Dette gjeld spesielt for nye arrangørar. Slik sikrar vi at det tekniske fungerer så godt som råd.
  3. Du vil få spørsmål om å setje opp reklamemateriell for Tussa under arrangementet, og marknadsføre Tussa som sponsor.
  4. Etter arrangementet ønskjer vi at du sender oss ein kort rapport der du gjer greie for:
    1. Om teknikkpakka fungerte som avtalt
    2. Kor mange deltakarar det var på arrangementet
    3. Foto som viser korleis Tussa var synleg som sponsor under arrangementet (merk at foto kan bli brukt på Tussa sin nettstad, i nyheitsbrev og sosiale media-kanalar)

Søknadskjema

Fyll ut skjemaet under og vi svarar deg så fort vi kan.
Kryss av for kva støtte du ønskjer: 

Opplysningar om arrangementet

Adressa til lokalet:

Opplysningar om kontaktperson