Kva leitar du etter?

Adobe Stock 508033891

ISO 14001 miljøleiing

ISO 14001 er ein internasjonal standard for miljøleiing, og stadfestar at Tussa jobbar systematisk med å betre eigen miljøprestasjon og fremje positiv påverknad på miljøet.

Ved å setje miljø- og klimaarbeidet i system, skal vi regulere og redusere Tussa sin verknad på det ytre miljøet. Vi tek eit viktig samfunnsansvar, og ønskjer å påverke andre til å gjere grep for å redusere eigen miljøpåverknad.

ISO 14001-sertifikatet stadfestar:

  • At vi har identifisert alle viktige miljøaspekt
  • Måler og kontrollerer miljøaspekta for å hindre negativ miljøpåverknad
  • Jobbar med å kontinuerleg forbetre oss
  • Minimerer avfall, energibruk og materialbruk
  • Bidreg til berekraftige utviklingsmål

ISO 14001 er ei kjent sertifisering med høg truverd blant kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar. Sertifikatet omfattar selskapa Tussa Kraft, Tussa Energi, Tussa IKT og Tussa Installasjon.

Miljømål

Tussa har tre overordna og langsiktige miljømål:

  • Alle medarbeidarane i Tussa skal kjenne til og etterleve Tussa sin miljøpolitikk og miljømål.

    • Vi skal vere ISO 14001-sertifisert
    • Vi skal redusere CO2-utsleppa våre med 10 prosent
    • Vi skal auke talet norske og lokale leverandørar der dette er føremålstenleg ut frå pris og kvalitet
    • Vi skal auke delen av miljøsertifiserte leverandørar og miljømerka produkt

Tussa sin miljøpolitikk

Tussa sin visjon er: Med kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. I tråd med visjonen skal Tussa kontinuerleg søke å betre sin eigen miljøprestasjon og aktivt arbeide for å fremje positiv, og redusere negativ påverknad på miljøet.

Vi skal:

  • Leggje vekt på og integrere miljøomsyn i arbeidet vårt, både internt og ute hos kundane våre. Dette inkluderer berekraftig ressursbruk og at vi tek omsyn til naturmangfaldet
  • Vidareutvikle ein bedriftskultur som set miljø på dagsorden, der medarbeidarane kjenner til korleis konsernet påverkar miljøet
  • Etterleve både eigne krav og krav frå styresmaktene

Miljøleiinga i Tussa skal vere i samsvar med ISO 14001-standarden sine krav og føringar. Tussa sin miljøpolitikk skal gi grunnlag for å konkretisere miljøarbeidet og sikre at heile konsernet trekkjer i same retning for å nå miljømåla. Dette skal skje gjennom systematisk arbeid og kontinuerleg forbetring.

Politikken er tufta på Tussa sine kjerneverdiar, KRAFT, der kunde, resultat, ansvar, forandringsvilje og tillit og lojalitet står sentralt.

Viddal kraftverk
Tussa sine vasskraftverk er også omfatta av ISO 14001-sertifikatet. Her er Viddal kraftverk i Volda kommune.

Vi svarar gjerne på spørsmål om miljø- og berekraftsarbeidet vårt