Etiske retningslinjer
Tussa har etiske retningslinjer som legg grunnen for å vere ein truverdig leverandør, ansvarleg samarbeidspart og ha eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Etiske retningslinjer for Tussakonsernet
Vedteke av styret i Tussa Kraft 18.12.2023. Dei etiske retningslinjene gjeld for Tussa Kraft og dei heileigde dotterselskapa Tussa Energi, Tussa IKT og Tussa Installasjon, vidare omtala som Tussa.
Tussa sin visjon er å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Tussa produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, tilbyr IT-tenester, og er ein stor elektroentreprenør. Produkta blir levert primært til privatkundar og bedrifter på Nord-Vestlandet, men også nasjonalt. Aksjonærane i Tussa er 9 kommunar på Sunnmøre og Nordfjord, eit kraftlag og KLP.
Aksjonærane legg til grunn at verksemda skal drivast økonomisk lønsamt og samfunnsmessig ansvarleg. Verksemda i Tussa skal basere seg på verdiar som fremjer eit godt og trygt arbeidsmiljø, berekraft- og samfunnsansvar, etisk forretningspraksis, mangfald og inkludering. Tussa sitt omdømme og tilliten til verksemda er avhengig av profesjonalitet og høgt etisk nivå, både på forretningsdrifta og på handlingane til kvar enkelt medarbeidar.
Tussa har etiske retningslinjer som gjeld medarbeidarar og styremedlemmer, og etiske retningslinjer som gjeld for leverandørar og eksterne samarbeidspartnarar. Etiske retningslinjer for Tussa ligg tilgjengeleg på Tussa sitt intranett og nettstaden Tussa.no.
1.1 Verdiar
Ein verdi seier noko om kva vi ønskjer skal vere den rådande haldninga til medarbeidarane våre. Grunnverdiane våre seier difor kva som skal prege kvar einskild av oss i kvardagen. Vedtak og handlingar skal vere styrt av desse verdiane i forholdet vårt til kundane, leverandørane og i samarbeid med kvarandre. Dei fem grunnverdiane våre er:
Kundeorientering
Kundane våre skal vere i fokus, vi skal bry oss om dei.
Tussa sine medarbeidarar er til for å dekkje kundane sine behov. Med kundar meiner vi og dei som vi leverer tenester til internt i konsernet. Når vi yter god service sikrar vi også resultatet vårt i framtida. Kundeorienteringa vår skal visast igjen i viljen til å finne gode løysingar innan kort tid.
Resultatorientering
Resultat vert oppnådd gjennom målorientering og iherdig innsats.
Tussa sine medarbeidarar skal vere målorienterte og søkje å oppnå gode resultat. Kvar enkelt medarbeidar har eit delansvar for totalresultatet. Resultatorienteringa skal visast igjen i evna vår til å oppnå lønsemd i alle aktivitetar.
Ansvar og samarbeid
Ansvar er plikt til initiativ og samarbeid.
Ansvar er plikt til å ta initiativ. Vilje til å ta ansvar skal visast igjen ved tildeling av arbeidsoppgåver som gir høve til personleg vekst og utvikling. Ansvarsdelinga skal ikkje gå utover evna til å samarbeide. Berre gjennom samarbeid med andre når vi eigne og felles mål.
Forandringsvilje
Forandring er ei positiv utvikling, ei moglegheit.
Tussa sine medarbeidarar skal vise initiativ og positiv vilje til forandring. Det er viktigare å ha medarbeidarar som ser moglegheitene enn medarbeidarar som berre ser truslane. Forandringsviljen i seg sjølv er ikkje nok, det må følgjast opp med gjennomføring av forandringane og skal visast igjen ved at ein oppnår resultat og at ein får utvikle seg i organisasjonen.
Tillit og lojalitet
Tillit vert skapt gjennom ærleg åtferd, lojalitet og respekt.
Tussa sine medarbeidarar skal vise kvarandre tillit og omsorg. Det gjer vi når vi stiller krav til kvarandre, når vi ber om råd eller inviterer til samarbeid. Vi skal og kommuniserer på ein open og ærleg måte som vitnar om grunnleggjande respekt for andre medarbeidarar sin personlegdom og evner.
Å vere lojal betyr å seie i frå kva du meiner, argumentere for synspunkta dine og deretter aktivt støtte og gjennomføre avgjerda, sjølv om det ikkje var ditt syn som nådde fram. Lojalitet til Tussa er ein føresetnad.
1.2 Etiske retningslinjer for medarbeidarar
Desse etiske retningslinjene gjeld for alle som arbeider for Tussa, inkludert styremedlemmer, mellombels tilsette og personar eller verksemder som er leigt inn for å utføre oppdrag for Tussa, vidare omtala som medarbeidarar.
Nytilsette i Tussa signerer på at dei har lest dei etiske retningslinjene ved oppstart i konsernet. Det er kvar enkelt medarbeidar sitt ansvar å sørgje for at dei etiske retningslinjene blir etterlevd. Leiarar har eit særleg ansvar for å følgje opp og etterleve dei etiske retningslinjene, og skal gå fram som gode rollemodellar.
Retningslinjene er ikkje reglar som dekkjer alle forhold. God dømekraft er naudsynt for å avgjere om ei bestemt handling eller avgjersle er etisk og moralsk forsvarleg. Kontakt leiaren din dersom du er i tvil.
1.2.1 Generelt
- Medarbeidarar skal følgje lover og reglar når dei representerer Tussa
- Medarbeidarar som representerer Tussa skal oppføre seg høvisk og med respekt for andre
- Ingen skal ha personlege fordelar grunna si rolle i verksemda
- All verksemd skal stette ålmenn forståing av etiske normer både nasjonalt og internasjonalt
- Tussa handsamar personopplysningar i samsvar med dei lover og reglar som til ei kvar tid gjeld, mellom anna Lov om bearbeidning av personopplysningar og EU si personvernforordning (GDPR)
1.2.2 Den einskilde som representerer Tussa skal:
- Sjå til at vedtak og handlingar er fatta på sakleg grunnlag og uavhengig av påverknader som ikkje er til det beste for verksemda
- Sjå til at ingen gjer seg rik på Tussa sin kostnad
- Vere særs aktsam når det er fare for korrupsjon
- Sjå til at samarbeidspartnarar/leverandørar handlar i samsvar med ålmenne etiske normer når dei utfører oppdrag for Tussa
1.2.3 Når dilemma oppstår, er følgjande prioritering ei rettesnor:
- Sikre liv og helse
- Sikre miljø
- Sikre mot tap av tillit for konsernet
- Sikre mot økonomisk tap
1.2.4 Interessekonflikt
- Det skal vere opne kanalar mellom den einskilde og leiar om alle tilhøve knytt til gåver, representasjon og liknande. Ved eventuelle vurderingar skal det leggjast vekt på om gåva står i rimeleg høve til det samkvemmet som Tussa har hatt med selskapet/vedkomande den siste tida
- Eventuelle habilitetsspørsmål skal takast opp med næraste overordna
- Den einskilde skal ikkje direkte eller indirekte ta i mot gåver eller andre fordelar med mindre det er merksemdsgåver av bagatellmessig verdi. Liten verdi tilsvarar gåver som det ikkje skal skattast for, jmf. Skattelova §5-15-2. Gaver utenfor arbeidsforhold. Dette omfattar også tilbod knytt til reiser og opphald, med vilkår som gir den reisande fordelar
- Gåver i form av kontantar er alltid forbode
- Medarbeidarar, styremedlemer og deira nærståande har ikkje høve til å engasjere seg i relaterte selskap på ein slik måte at det kan påverke habilitet og integritet
- Tussa skal vere open om eigarrelasjonar, tilsetjingsforhold, oppdrag, leverandørforhold og liknande som den tilsette eller hans nærståande har til verksemda
- Vi skal vere særleg merksame på at det ikkje skal kunne stillast spørsmål om rolleblanding eller integritet mellom anna i nære personlege relasjonar kopla til familie, vennskap eller sosial omgang gjennom aktivitet i arbeid og fritid
1.2.5 Kundar, leverandørar og konkurrentar
- Deltaking på reiser etter invitasjon frå leverandørar skal alltid klarerast med næraste overordna på førehand
- Deltaking skal avgrensast til arrangement med viktig fagleg innhald eller der det er viktig at verksemda er representert
- Tussa betalar sjølve eigne utgifter i samband med eige virke overfor leverandørar
- Private eller eigne leveransar med Tussa sine leverandørar bør unngåast og skal informerast om til leiing/styre
- Gåver eller ytingar frå firma i samband med inngåing av kontraktar skal alltid returnerast eller takkast nei til
- Reglane om gåver og representasjon som kan mottakast, skal gjelde tilsvarande for gåver og representasjon som kan gjevast av Tussa til kundar, leverandørar og andre aktørar
1.2.6 Medarbeidarar
- I utgangspunktet skal tilbod om generelle gode og liknande vere tilgjengeleg for alle medarbeidarar i Tussa
- Den einskilde medarbeidar sin posisjon skal ikkje påverke fordelinga av slike gode
- Tussa aksepterer inga form for trakassering, diskriminering eller anna upassande framferd
1.3 Etiske retningslinjer for leverandørar
Tussa har etiske retningslinjer som gjeld for alle som leverer varer eller tenester til Tussa og eksterne samarbeidspartnarar. Retningslinjene gjeld for avtalar om innkjøp av varer og tenester til internt bruk i Tussa, varer og tenester som skal vidareformidlast til Tussa sine kundar, og avtalar om leige. Dersom leverandøren nyttar underleverandørar for å levere varer eller tenester til Tussa, skal leverandøren sikre at underleverandøren også stettar desse krava.
Dei etiske retningslinjene er del av Tussa sin interne innkjøpsprosess og i avtalane vi inngår med leverandørane våre. Leiarar i Tussa har eit særskilt ansvar for å formidle og sikre at retningslinjene blir etterlevd, både i dagleg drift og når det vert inngått nye kontraktar.
1.3.1 Innkjøpspolitikk
Tussa sine innkjøp skal skje i samsvar med norske lovar og reglar. I tillegg skal innkjøp skje etter krav i ISO-sertifiseringa 14001 miljøleiing. Tussa sin innkjøpspolitikk ligg tilgjengeleg for alle medarbeidarar på intranettet. Innkjøpspolitikken gjeld for alle som kjøper på vegne av Tussa.
Det er også utarbeidd ei sjekkliste for innkjøp som skal nyttast for alle innkjøp. Føremålet med sjekklista er å sikre ein effektiv innkjøpsprosess som gir miljømessige, økonomiske og sosialt berekraftige innkjøp. Sjekklista ligg tilgjengeleg på intranettet for alle medarbeidarar.
- Tussa skal i innkjøpa sine ta samfunnsansvar ved å påverke til berekraftig ressursbruk hos leverandørar og kundar. Miljø og berekraft er eit av tildelingskriteria når vi inngår avtaler.
- Leverandøren skal dokumentere at dei gjennomfører aktsemdsvurderingar i samsvar med med Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (Openheitslova).
1.3.2 Menneskerettar og sømelege arbeidsforhold
Tussa gjennomfører aktsemdsvurderingar av leverandørar og samarbeidspartnarar i samsvar med Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (Openheitslova).
Aktsemdsvurderingane kartlegg risikoen for negative konsekvensar for grunnleggande menneskerettar og sømelege arbeidsforhold. Leverandørar og samarbeidspartnarar blir vurderte etter følgjande risikoforhold:
- Operasjonell kontekst
- Forretningsmodell
- Posisjon i leverandørkjeda
- Type vare/teneste
Avdekkjer vi risiko for brot på menneskerettar og sømelege arbeidsforhold, vurderer vi kva tiltak som er eigna til å stoppe, førebyggje eller avgrense brota. Følgjande faktorar vil påverke kva tiltak vi vurderer som mest effektive:
- Kva som er den negative konsekvensen
- Om risikoen ligg hos førstehandsleverandøren eller lenger ned i leverandørkjeda
- Kva tiltak som vil ha størst verknad
Døme på moglege tiltak er skjerpa avtaleplikter, ulike handlingsplanar eller kontraktbrot. Vi kan også samarbeide med andre for å utøve sterkare påverknad på leverandøren eller samarbeidspartnaren.
1.3.3 Informasjonstryggleik
Leverandørar skal dokumentere at dei oppfyller nasjonale og internasjonale krav til personvern og IT-sikkerheit.
1.4 Varsling
Dersom medarbeidarar, leverandørar eller samarbeidspartnarar registrerer brot på desse retningslinjene har Tussa følgjande varslingskanalar:
Medarbeidarar
Ved mistanke om brot på Tussa sine etiske retningsliner skal medarbeidarar varsle til næraste overordna eller verneombodet. Om det er usikkert at næraste overordna tek tak i saka på ein tilfredsstillande måte, skal andre varslast på same eller høgare organisatorisk nivå. Brot på Tussa sine etiske retningsliner kan få konsekvensar for tilsetjingsforholdet, og i grove tilfelle føre til oppseiing eller avskjed.
Eksterne varslar
Eksterne varslar kan sendast inn til firmapost@tussa.no.
Leverandørar skal varsle Tussa ved brot eller mistanke om brot på vilkåra, enten det gjeld i Tussa, i eiga verksemd, hos underleverandørar eller andre i leverandøren si verdikjede.
Brot på vilkåra blir sett på som misleghald av avtalen mellom leverandøren og Tussa. Leverandøren skal rette misleghaldet etter ein frist og på ein måte som blir avtalt mellom leverandøren og Tussa. Gjentekne brot på etiske retningslinjer for leverandørar blir sett på som vesentleg misleghald av leverandøravtalen.
Ta kontakt viss det er noko du lurer på
- Sentralbord
- Tlf. 70 04 62 00
- firmapost@tussa.no
- Kundesenter
- Tlf. 70 04 63 00
- Kontaktskjema kundesenter
- Tussa Installasjon
- Tlf. 70 00 90 30
- installasjon@tussa.no