Kva leitar du etter?

TSA8223 mindre 92cbd729e8085848b9c10f31e37d5800

Åtvarar mot usikker is

18.03.2024

På regulerte vatn er isen usikker, og vi ber skigåarar og andre som ferdast på isen om å vere forsiktige.

På grunn av vasskraftproduksjon vil regulerte vatn ha endringar i vasstand og gjennomstrøyming som er ulikt frå forholda på uregulerte vatn. Sjølv om isen ligg tjukk på mange vatn, kan isen langs kantane sprekke opp grunna endring i vasstanden. Det kan difor vere utrygt langs kantane, ved bekkeosar og inntak/utløp til dammar og kraftstasjonar.

Kart 1
Regulerte vatn med svekka is er merka med blått. Vesentleg svekka is er merka med raudt.

Kart over regulerte vatn

Noreg sitt vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utarbeida eit kart over svekka is som du finn på nve.no.

Sjekk Varsom sine sider for oversikt over isforhold i Møre og Romsdal og resten av landet.

Vi ønskjer deg ei god og trygg påske!