Kva leitar du etter?

Twoday avento miljobilder 2500x 07
Foto: Twoday
IT-tenester

Webinar: Samarbeid som skapar verdi

09.10.2024

12. november kl. 09:00 inviterer twoday og Tussa IKT til webinar. Her forklarer vi korleis eit tett samarbeid mellom utviklar og infrastruktur er avgjerande for å realisere potensialet i moderne skyløysingar.

Skybaserte løysingar gir bedrifter ei unik moglegheit til å oppnå varige konkurransefortrinn, men suksess krever at løysingane er sikre, skalerbare og kostnadseffektive. Etter kvart som kundeløysingane blir stadig meir komplekse og krava til sikkerheit øker, blir tverrfagleg samarbeid mellom ulike kompetansemiljø stadig viktigare for å sikre vellukka leveransar.

Tidene har forandra seg – applikasjons- og systemleverandørar jobbar ikkje lenger isolert frå IT-infrastrukturleverandørar. I dag er DevSecOps-team, som integrerer utvikling, sikkerheit og drift, den nye normen.

Vi delar erfaringar frå vårt felles samarbeid med Wattn, eit nyetablert straumselskap. Her fekk vi moglegheita til å byggje ein skybasert IT-infrastruktur heilt frå botnen av, i tett samarbeid mellom Wattn, Twoday som applikasjonsleverandør og Tussa IKT som driftsleverandør.