Kva leitar du etter?

20240918 101039
Rønnaug Myklebust i VTI Fotball og Ann Kristin Einbu i Tussa testar kostemaskinene.

VTI Fotball får støtte til kostemaskiner

01.10.2024

Volda Turn og Idrottslag Fotball (VTI Fotball) har fått støtte frå Tussa Berekraftsfond til å kjøpe to kostemaskiner med oppsamlar for granulat. Dette tiltaket er eit steg mot meir miljøvenleg drift av klubben sine to kunstgrasbaner.

Granulat og miljøutfordringar

Granulat er eit plasthaldig fyllmateriale som blir brukt på kunstgrasbaner for å gi demping og stabilitet. Gummigranulat vert rekna å vere blant dei største landbaserte kjeldene til mikroplast i Noreg og i EU. Difor er det viktig å samle opp granulat som spreier seg utanfor kunstgrasbanene.

20240930 161436
Kostemaskinene vert mellom anna nytta på kanten rundt grasmatta.

VTI Fotball

VTI Fotball er ein av dei største fotballklubbane på søre Sunnmøre, og dei har to kunstgrasbaner som er mykje i bruk heile veka. Gummigranulat som hamnar utanfor grasmatta og på gangvegen mellom klubbhuset og banene, kan dei no få samla opp med nye kostemaskiner. Granulaten blir samla opp i behaldarar på maskinene, og kan tømast på plass på banene igjen. Dette er døme på eit godt og enkelt tiltak som gjer klubben meir miljøvenleg.

Tussa Berekraftsfond

Tussa Berekraftsfond skal støtte lokale lag og organisasjonar som ønskjer å gjennomføre prosjekt som fremjar berekraftig utvikling. Fondet deler ut midlar til prosjekt som har ein tydeleg miljøgevinst eller som adresserer andre delar av FN sine berekraftsmål.

Tussa berekraftsfond

Støtteordning for lokale lag og organisasjonar som ønskjer å verte meir miljøvennlege og berekraftige. Søknadsfrist 1. mai.