Kva leitar du etter?

Vinn billettar til Arena LAN i Volda

23.09.2024

Haustferien er tida for LAN-party, og 4. oktober er det igjen duka for Arena LAN i Volda Campus Sparebank 1 Arena.

Tussa er stolt sponsor, og leverer lynraskt internett til deltakarane denne helga. Difor har vi gleda av å dele ut billettar til to heldige vinnarar.

I løpet av helga blir det turneringar, konkurransar, sosialt samvær og høve til å prøve både VR og racingsimulator.

LAN er ein stad der spelinteressert ungdom kan ta med seg sine eigne datamaskiner for å spele dataspel, delta i konkurransar (e-sport) og sosialisere med andre spelinteresserte. LAN har vore ein viktig del av norsk datakultur sidan 90-talet.

Meir informasjon om arrangementet finn du på Volda E-sport sine nettsider.

Fyll ut skjemaet for å delta i trekkinga

Eg aksepterer at Tussa handsamar personopplysningane mine i samband med denne konkurransen. 
Eg ønskjer å få e-post frå Tussa med gode tilbod og invitasjonar til spennande aktivitetar og konkurransar.

Konkurransevilkår

Du deltek i konkurransen ved å sende inn svarskjema på denne sida. Vinnarane blir kåra tilfeldig blant deltakarane tysdag 1. oktober. Vinnarane blir kontakta per e-post, og får tilsendt ei kode som gir gratis billett ved kjøp på geekevents.org. Vinnarane må sjølv opprette brukar og reservere plass. Spørsmål om arrangementet rettast til Volda E-sport. Vinnarane blir annonsert med namn i Tussa sitt nyheitsbrev. Tilsette i Tussa kan ikkje vere med i konkurransen.