Tussa vil byggje nytt kraftverk på Bjørke
Tussa vil byggje eit nytt Tussa kraftverk på Bjørke, som skal sikre stabil energiforsyning og møte regionen sitt framtidige effektbehov. Det nye kraftverket kan få ei installert effekt på inntil 150 MW, mot 60 MW i dag. Samla investering kan verte rundt 1 milliard kroner.
Historie og bakgrunn
Tussa vart skipa i 1949 for å sikre energiforsyning og industriell utvikling i regionen. Det eksisterande Tussa kraftverk, bygt i perioden 1957-1966, har vore ein viktig del av denne utviklinga. Kraftverket har gjennomgått fleire moderniseringar, sist i 2018. No er det behov for såpass store oppgraderingar for å møte dagens krav til køyremønster, at Tussa vurderer å byggje eit nytt kraftverk i staden.
Tilpassar seg samfunnet sine behov
Tussa ønskjer å byggje eit nytt Tussa kraftverk innanfor den eksisterande konsesjonen. Dersom NVE gir løyve til dette, kan kraftverket stå ferdig om 4 til 6 år.
- Nye Tussa kraftverk vil bidra til stabil energiforsyning i ein kraftmarknad som er prega av uregulert kraftproduksjon frå sol, vind og elvekraft. I ein ustabil kraftmarknad er det behov for stabiliserande effektkraftverk. Med det nye kraftverket får vi meir effekt og slik kan vi produsere meir energi i dei timane samfunnet har størst behov for det, seier Olav Osvoll, konsernsjef i Tussa.
Nytt kraftanlegg i fjellet
Prosjektet inneber at Tussa vil byggje ny kraftstasjon og nye vasstunellar. Denne delen av utbygginga vil gå føre seg inne i fjellet, med avgrensa konsekvensar for natur og miljø. Dammen ved Tyssevatnet må oppgraderast for å stette nye krav til damtryggleik, som følgje av klimaendringane som gir langt større flaumar enn før. Dette gjer at Tussa også vil byggje veg frå Åkreåsen med tunell opp i Tyssedalen, og bruke eksisterande vegnett i fjellet i utbygginga av kraftverket og oppgraderinga av dammen.
- Det blir ingen endring i reguleringa av vassdraget, nye dammar eller overføringar til kraftverket. Her skal vi nytte den eksisterande vassdragskonsesjonen, seier Osvoll.
Lokal verdiskaping
Prosjektet kan føre med seg stor aktivitet lokalt, og kan også gi regionale ringverknader. Tussa ønskjer å nytte lokale leverandørar der det er mogleg. Investeringa vil også trygge og auke verdiskapinga, noko som igjen gir større inntekter til vertskommunen Volda og eigarkommunane til Tussa.