![Volda e sport](/imager/images/Aktuelt/356385/Volda-e-sport_527ddf0e0ad4e6b502ee98a07ad7aa42.png)
![DSCF1273](/imager/images/Aktuelt/145184/DSCF1273_92cbd729e8085848b9c10f31e37d5800.jpg)
Tussa vann prisen som årets MSP-partnar
På ei partnarsamling i regi av nettverksleverandøren Fortinet møttest alle samarbeidspartnarane for å diskutere nye IT-produkt og tenester. Her gjekk Tussa heilt til topps då dei beste selskapa skulle kårast.
Tussa var best innanfor kategorien managed service partner, forkorta MSP-partnar. Tussa er særs nøgde med samarbeidet med Fortinet og er stolte over å motta prisen.
- Vi har eit mål om å levere dei beste løysingane til kundane, og det å vinne denne prisen i konkurranse med store landsdekkjande aktørar er inspirerande.
Nettverkstenester og IT-sikkerheit
Prisen viser det høge fagnivået Tussa har innanfor det å levere nettverk som ei teneste, der selskapet står for både leveranse, drift og overvaking.
- I løpet av tre år har vi oppnådd god vekst, og tenesta har blitt godt motteke av både eksisterande og nye kundar. Ein viktig del av tenesta er å ivareta IT-sikkerheit for kundane, noko som berre blir viktigare og viktigare med omsyn til nettverksløysingar, seier Driveklepp.
Tussa har i løpet av dei siste åra lansert fleire IT-sikkerheitsprodukt, etablert eit solid fagmiljø innanfor IT-sikkerheit og blitt ISO 27001-sertifisert.
![BD 0226](/imager/images/TIKT/Profilfoto-TIKT/30273/BD_0226_b4c045af4fc9eb056549415c6e47a55e.jpg)
Imponert over Tussa
- Fortinet Norge er imponert over kompetansen til Tussa, seier Thomas Aanstad Evensen administrerende direktør i Fortinet Norge.
- Tussa imponerer stadig det tekniske-teamet vårt ved å vere nyfikne, lærevillige og ikkje minst ved å vise stadig høgare kompetanse på Fortinet. Tussa har gjennom dei siste åra vist eit solid entreprenørskap i form av tidleg adopsjon og utvikling av tenestekatalogen. Ved å utfordre oss løftar dei partnarskapen til det neste nivået, og dei bidreg til å heve oss som produsent.
- Tussa imponerer stadig det tekniske-teamet vårt.
![IT-tenester frå Tussa](/imager/images/TIKT/Profilfoto-TIKT/14843/BD_6565-4000_b4c045af4fc9eb056549415c6e47a55e.jpg)
På partnarsamlinga var mange av Fortinet sine samarbeidspartnarar samla for å diskutere og utveksle erfaringar. Årets MSP-partnar var ein av fleire prisar som vart delte ut til samarbeidspartnarane under samlinga.