Kva leitar du etter?

20211012 122753
I frisbeegolf får ein mosjon, sosialt samspel og glede ved vere ute. (Illustrasjonsfoto)

Tussa støttar Ullsheim Frisbeegolf

28.06.2024

Vi gratulerer Stryn med ny frisbeegolfbane, og er stolt støttespelar av Ullsheim Frisbeegolf og Markane IL.

Det er Markane IL som har bygt den 18 hols frisbeegolfbana på Ullsheim. Idrettslaget jobbar for at alle skal kunne ha glede av å kome seg ut og vere i aktivitet, nyte naturen og det sosiale. Helsevinsten kring fysisk aktivitet uansett alder og økonomi er også viktig for idrettslaget.

Det er ein flott måte å samle vener og familie på for litt moro og konkurranse. Frisbeegolf bidreg såleis til folkehelse på høgt nivå.
Markane IL

- Frisbeegolfbana vert ein arena for aktivitet på tvers av alder og etnisitet, og er ein ypparleg plass for integrering. I frisbeegolf kombinerer ein mosjon, sosialt samspel og gleda av å vere ute i naturen. Det kan også spelast av alle uansett alder, kjønn eller dugleik, seier Markane IL.

Markane IL sitt anlegg på Ullsheim er allereie mykje brukt av barnehagar, skular, og andre lag og organisasjonar. No får dei eit nytt fritidstilbod som dei fritt kan bruke.

Tussa gratulerer med ny og flott bane, og oppmodar alle som har høve til det om å delta på opninga av anlegget 28. juni klokka 18. Då vert det høve til å prøve frisbeegolf, få opplæring i kasteteknikk og reglar.