Kva leitar du etter?

Adobe Stock 335160283

Tussa bidreg til datatreff i vinterferien

13.02.2024

Fredag 16. februar blir det igjen arrangert LAN for datainteressert barn og ungdom i Volda Campus Arena, i regi av Volda E-Sport. Tysdag 20. februar er det i Ulstein det skjer, då UlsteinLAN startar i regi av BurnOut Dataparty. Tussa er stolte av å bidra til lokale arrangement som skapar aktivitet og fellesskap for barn og unge.

Arena LAN

Arena LAN #3 er eit datatreff der spelinteresserte kan ta med seg sine eigne datamaskiner for å spele dataspel, delta i konkurransar (e-sport) og sosialisere seg med andre spelinteresserte. Det blir høve til å konkurrere i spell som Super Smash Bros. Ultimate, Minecraft og Fortnite. På treffet er det også VR og bilsimulator. Mat og drikke er også til sals gjennom heile datatreffet, så det er ingen fare for å gå tom for energi undervegs.

Arrangementet startar fredag 16. februar kl. 18.00 og varar til måndag 19. februar kl, 14.00.

Arena Lan
Far Oddbjørn og dotter Eiril i aksjon. Foto: Tare Reklev Øverbø/Møre-Nytt.
Med støtta frå Tussa så kan vi arrangere eit godt LAN med ein god infrastruktur og bra internett! Samtidig så låner også Tussa ut datamaskiner til oss. Desse får deltakarar som ikkje har eige utstyr låne. Dette gjer at ei gruppe med barn og unge som normalt ikkje kan kome på LAN får høve til å delta. Det er utruleg kjekt å spreie speleglede og bidra til inkludering, og vi takkar for samarbeidet med Tussa og Volda kommune.
Harald Kvangarsnes, Volda E-sport

UlsteinLAN

Også i Ulsteinvik blir det arrangert datatreff. BurnOut Dataparty har arrangert datatreff sidan 1999, og har hatt med seg Tussa som samarbeidspartnar sidan oppstarten. UlsteinLAN har vore i stor vekst dei siste åra, og no er dei tilbake for fullt etter pandemien! Her blir det også mange forskjellige spel innanfor PC, Switch, Xbox og Play Station. Det vil også vere open kiosk døgnet rundt, viss det blir behov for ein matpause undervegs i spelinga.

Arrangementet startar tysdag 20. februar kl, 14.00 og varar til fredag 23. februar kl. 14.00.

Ulstien LAN intranett
Stort oppmøte hos UlsteinLAN
Støtta frå Tussa betyr mykje for oss i BurnOut Dataparty, fordi det gir oss høve til å gi noko tilbake til ungdommen og miljøet rundt, nemleg UlsteinLAN. Utan støtta frå Tussa kunne vi ikkje arrangert UlsteinLAN slik vi gjer det no, og vi er svært takksame for å ha dei "i ryggen".
Mediagjengen i UlsteinLAN

Tussa støttar datatreff

Tussa bidreg med internett med høg hastigheit, brannmur og eventuelt anna teknisk utstyr som arrangørarar av datatreff måtte trenge. Tussa har gjennom mange år vore ein støttespelar for barn- og ungdomsaktivitet på søre Sunnmøre, Stryn og Stranda, både innanfor kultur, musikk og idrett. Dei siste åra har over 100 lag og organisasjonar fått sponsorstøtte frå Tussa. Den bærande tanken bak Tussa si sponsorverksemd er å bidra til attraktive lokalsamfunn på søre Sunnmøre.

Slik søkjer du om støtte:

Tussa støttar frivillige lag og organisasjonar som arrangerer LAN-party for barn og ungdom i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stranda eller Stryn.

Til slike arrangement tilbyr vi ein teknikkpakke som inneheld internett med høg hastigheit, brannmur, svitsjar og patchesnorer, og eventuelt utlån av gaming-PCar.

Alle som ønskjer teknisk støtte til LAN-party kan søkje om støtte om dette for kvart arrangement på Tussa sine nettsider.

Dei som ønskjer å søke om økonomisk støtte, må fylle ut søknadsskjema om sponsormidlar.