

Tussa resertifisert i ISO 14001 og 27001
Tussa har stadfesta engasjementet sitt for berekraft og IT-sikkerheit gjennom resertifisering i dei anerkjente standardane ISO 14001 og ISO 27001. Desse sertifiseringane syner at Tussa jobbar systematisk med både miljøleiing og informasjonssikkerheit.
ISO 14001 miljøleiing
ISO 14001 er ein internasjonal standard for miljøleiing som stadfestar at Tussa jobbar systematisk med å betre eigen miljøprestasjon og fremje positiv påverknad på miljøet. Sertifikatet omfattar selskapa Tussa Kraft, Tussa Energi, Tussa IKT og Tussa Installasjon. Gjennom denne sertifiseringa har Tussa identifisert viktige miljøaspekt, måler og kontrollerer desse for å hindre negativ miljøpåverknad, og arbeider kontinuerleg med forbetring for å minimere avfall, energibruk og materialbruk.

ISO 27001 informasjonssikkerheit
ISO 27001 er ein internasjonal standard for styringssystem for informasjonssikkerheit. Det er Tussa IKT sine metodar og prosessar for sikkerheitsleiing er sertifiserte etter denne standarden. Sertifikatet omfattar sal, leveranse, drift og brukarstøtte av tenester innanfor forretningsområda IT og kommunikasjon, inkludert Tussa sitt datasenter og breibandsnett. Sertifikatet stadfestar at Tussa IKT har gode system og rutinar for å avdekke og stoppe digitale trugslar.
Sertifisert av Nemko
Det er organisasjonen Nemko, som står for Norsk Elektrisk Materiellkontroll, som har gjennomført revisjonane og sertifiseringane. Nemko har spesialisert seg på å sikre at produkt og system oppfyller internasjonale standardar og forskrifter, inkludert ISO-sertifiseringar som ISO 27001 og 14001.
Resertifiseringa vart gjennomført i februar 2025.
ISO 27001 informasjonssikkerheit
Sertfikatet stadfestar at Tussa IKT har gode system og rutinar for informasjonssikkerheit, og for å avdekke og stoppe digitale trugslar.