Kva leitar du etter?

Adobe Stock 380024522
Teknologien Tussa vil bruke i Stryn kan gi 10 gonger større kapasitet til kvar enkelt kunde

Tussa overtek levering av internett og TV til kundane i Stryn

11.06.2024

Tussa vil levere internett og TV frå Telia over det eksisterande fibernettet i Stryn. Det betyr at kundane får oppgradert kundeutstyr, men det vert ikkje behov for å grave og leggje nye fiberkablar.

Vi går ut med attraktive introduksjonstilbod til alle innbyggjarar, bedrifter og hytteeigarar i Stryn kommune.
Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT

Bakgrunnen for tilbodet frå Tussa er at fiberleigeavtalen med Enivest, som leverer internett og TV til kundane i Stryn i dag, går ut ved nyttår.

Tussa tilbaud seg å opne fibernettet i Stryn for Enivest. Enivest fekk tilbod om å leige vidare til same pris i 2025, og deretter tilpassing til marknadsmessige vilkår.

Dette ville lagt til rette for konkurranse på det eksisterande fibernettet, til det beste for kundane. Det hadde vore meir samfunnsøkonomisk enn å byggje eit nytt fibernett.

Får den nyaste teknologien

Fibernettet i Stryn, som vart bygt av Stryn Energi er godt planlagt og av særs god kvalitet. Ved å byte ut utstyret i nodestasjonane og heime hos kundane får kundane ei moderne og framtidsretta løysing som kan gi 10 gonger meir kapasitet enn i dag.

- Behovet for kapasitet har auka mykje dei siste 10 åra og vil auke vidare framover. Vi tenkjer langsiktig, og Stryn får ein teknologi som kan gi 10 gonger større kapasitet til kvar enkelt kunde enn det dagens teknologiske plattform kan gi. Vi har testa løysinga over lang tid, både i lab og hos kundar. Resultata er særs gode, og vi ser fram til å tilby dette til stryningane, seier Driveklepp.

God kundeservice

Tussa har vore internettleverandør sidan 90-talet, og har dei siste 15 åra bygt ut fiber til heile søre Sunnmøre. Å levere internett med høg kapasitet og oppetid, premium wifi, saman med god kundeservice frå lokalt kundesenter, har heile tida vore viktig for Tussa. No vil selskapet tilby det same i Stryn. Tussa har også ei lokal breibandspatrulje som kan hjelpe kundar i heimen.

- Vi er stolte av kundesenteret vårt som har ei gjennomsnittleg svartid på under eitt minutt og løyser 80 prosent av sakene ved første kontakt, seier Driveklepp.

Lokal leverandør med kontor i Stryn

Tussa har dei siste åra etablert seg som ein lokal leverandør i Stryn etter samanslåingane med Energiselskapet Stryn og SEAS. I dag har Tussa to avdelingskontor i Stryn sentrum, med medarbeidarar som jobbar med elektroinstallasjon, kraftproduksjon og fiber. Stryn kommune er femte største eigar av Tussa, og Tussa er oppteken av styrke lokalsamfunnet i Stryn.

Driveklepp Ivar 2017
Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT
Vi har mål om at alle innbyggjarar skal få tilgang til fibernettet, og ønskjer å ta eit samfunnsansvar gjennom å tilby arbeidsplassar, lærlingplassar og bidra til næringsaktivitet.
Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT

- Vi samarbeider med ei rekkje frivillige organisasjonar, som legg ned ein stor innsats i å gjere sentrum og bygdene til attraktive stader å bu, arbeide og besøkje. Her er sponsoravtalar, gratis føredrag om nettvett på barne- og ungdomsskular og støtte til berekraftsprosjekt gode døme, seier Driveklepp.