

Tussa oppgraderer Nesset kraftverk
Tussa oppgraderer Nesset kraftverk, som ligg i Snipsøyrdalen i Hareid kommune.
Nesset kraftverk har hatt ein normalproduksjon på om lag 2,5 GWh i året. Oppgraderingane Tussa planlegg vil auke kraftproduksjonen og fleksibiliteten i kraftverket, og styrke driftstryggleiken. Nytt maskineri vil auke produksjonen til om lag 3 GWh pga. betre verknadsgrad i den fleirstråla Pelton-turbinen. Det tilsvarar det gjennomsnittlege energibehovet til rundt 150 einebustader.
Regionalt kulturminne
Oppgraderingane inkluderer ny generator, turbin, transformator og nytt koplings- og kontrollanlegg, levert av Energi-teknikk, med installert effekt på knappe 1 MW. Det er ei dobling av ytinga i kraftverket. Kraftstasjonen får eit tilbygg som skal romme den nye generatoren og turbinen. Det er lagt vekt på at tilbygget arkitektonisk spelar på lag med det gamle.
Kraftstasjonen på Nesset er definert som kulturminne av regional verdi, og kraftstasjonen skal difor renoverast utvendig etter føringar frå statsforvaltaren. Det er også planlagt nokre mindre endringar innvendig. Den over 100 år gamle turbinen vert ståande igjen i den gamle maskinsalen til minne om lokal krafthistorie.
Byggjestart til våren
Arbeidet startar våren 2025, og dersom alt går etter planen vert kraftverket sett i drift hausten 2025.

Frå 1947
Nesset kraftverk vart sett i drift i 1947, og kraftverket var på den tida ein viktig leverandør av straum til Hareid kommune. I 1951 vart Sørbrandal kraftverk i Vanylven sett i drift, og med ein årsproduksjon på 43 GWh, tok Sørbrandal over mykje av det ansvaret Nesset hadde hatt. Nesset kraftverk har vore gjennom fleire oppgraderingar gjennom åra. Førre oppgradering var i 2022, då kraftverket fekk ny røyrgate med røyrbrotsventil og nytt lukehus.
Store investeringar i opprusting av kraftverk
Tussa har 28 heileigde og 1 deleigd vasskraftverk på søre Sunnmøre, Stranda og Stryn. Vasskraft er kjernen i norsk energiproduksjon, og det er viktig å ta vare på dei eksisterande vasskraftverka. For å utnytte vasskrafta på ein driftssikker og god måte, har Tussa eit moderniseringsprogram for dei eldre kraftverka, der ein byter ut eller renoverer gamle delar, og automatiserer og digitaliserer prosessar. I tillegg er Tussa i gang med å byggje to nye kraftverk: Skårelva kraftverk i Ørsta kommune og Røyrhus kraftverk i Stranda kommune.
Fakta
- Nesset kraftverk vart sett i drift i 1947
- Fallhøgd: 195 meter
- Nedslagsfelt: 4,7 km2
- Normalproduksjon: 3,0 GWh/år
- Installert effekt før oppgradering: 0,4 MW
- Installert effekt etter oppgradering: 0,9 MW