Tussa og NTT Security startar nytt samarbeid for å styrke IT-sikkerheita i Noreg
IT-leverandøren Tussa IKT og IT-sikkerheitsselskapet NTT Security innleier eit samarbeid som vil styrke IT-sikkerheita for bedrifter i Noreg. Partnarskapen inneber at Tussa kan tilby kundane sine eit sterkt IT-forsvar døgnet rundt, heile året.
Tussa IKT er ein del av Tussakonsernet og leverer IT-løysingar til bedrifter i heile Noreg. For å styrke tilbodet sitt med utvida IT-sikkerheit har Tussa no valt å inngå ein partnarskap med NTT Security. Partnarskapen inneber at Tussa kan tilby IT-sikkerheitstenester frå NTT Security døgnet rundt til bedriftskundane sine.
– Kundane våre, både store og små bedrifter, treng ei trygg IT-løysing. Tussa har levert IT- sikkerheitstenester i lang tid, og er ISO 27001-sertifisert. Når kundane no kan leggje til ei marknadsleiande IT-sikkerheitsløysing frå NTT Security, får dei ei endå betre IT-løysing. Vi er veldig glade og stolte over å inngå dette samarbeidet med NTT Security, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
Kompletterer Tussa sitt tenestetilbod
Gjennom partnarskapen kan NTT Security levere tenester til den norske marknaden, samstundes som Tussa kan tilby kundane sine endå betre IT-tenester gjennom samarbeidet med ein profesjonell aktør innan IT-sikkerheit.
- NTT Security og Tussa jobbar etter dei same verdiane, der kvalitet står i sentrum. Tussa er særs gode på drift og hosting, og vi er gode på å styrke dei miljøa. Slik kompletterer vi kvarandre på ein smart måte, som gir kundane stabilitet og sikkerheit, slik at dei kan fokusere på verksemdene sine, seier Fredrik Olsson, europasjef i NTT Security.
Smidig onboarding
Samarbeidet inneber også at NTT Security leverer IT-sikkerheitsløysingar til Tussa, noko som sikrar Tussa si verksemd og gir kundane deira eit ekstra lag med vern. NTT Security har 24/7-overvaking frå sikkerheitssenteret sitt (SOC) i Göteborg, i tillegg til tenesta Incident Response for å oppdage og stoppe eventuelle angrep hos Tussa tidleg. Ein av dei fremste føremonnene med NTT Security si IT-sikkerheitsplattform SamurAI er kor enkelt det er å leggje til nye kundar. Tussa sine medarbeidarar har fått opplæring i systema og har tett kontakt med NTT Security.
– Sidan IT-angrep kan skje når som helst, er det viktig å kunne stoppe dei raskt med profesjonell hjelp. Det får kundane våre takka vere NTT Security sine tenester og sikkerheitsspesialistar, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
Om NTT Security
NTT Security leverer proaktivt IT-forsvar og tenester for å beskytte kundane og samfunnet. I over 25 år har selskapet hjelpt bedrifter med å beskytte og forsvare dei digitale verksemdene sine ved å føresjå, oppdage og reagere på avanserte IT-truslar og angrep. Sikkerheitssenteret (SOC) i Göteborg er ein del av NTT sitt globale nettverk og har tilgang til omfattande trusselinformasjon, AI og forsking for å levere løysingar som tryggar bedrifter. Våre tryggleiksanalytikarar jobbar døgnet rundt for å gjere verda til ein tryggare stad.
Om Tussa IKT
Tussa IKT er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Tussa IKT er ein totalleverandør av IT-tenester, og leverer IT-løysingar basert på nettskya Microsoft Azure og eige datasenter i Ørsta. I tillegg er selskapet ISO-sertifisert innanfor miljøleiing og IT-sikkerheit, leverer IT-sikkerheitstenester og har ein profesjonell servicedesk. Tussa IKT sitt fibernett dekkjer søre Sunnmøre, Stryn og Stranda, og det blir bygt ut fiber til husstandar og bedrifter. Selskapet har kontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Stryn.