Tussa med svært godt omdømme
Breibands- og IT-kundane gir Tussa toppskår i ei omdømmeundersøking som vart gjennomført før jul.
Undersøkinga er gjennomført av Sentio Research på oppdrag frå Tussa, og det er Tussa sine bedriftskundar på produkta breiband og IT-tenester som har svart på undersøkinga. Samstundes er det gjort ei samanlikning med bedrifter på landsbasis.
Bedriftene gir ei svært god overordna vurdering av Tussa, med ein omdømmeskår på 78 av 100. Resultata viser at kundane har svært høg tillit til Tussa, at dei opplever at det er god kvalitet på Tussa sine produkt og tenester, og at leveransane dekkjer kundane sine behov.
- Vi utviklar stadig tenestene og produkta våre, og vil jobbe vidare for å gjere oss fortent til denne tilliten også i framtida, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
God kvalitet på produkt og tenester
Tre område som peikar seg ut i særleg positiv retning er oppfatninga av Tussa som ein god arbeidsplass med dyktige medarbeidarar, at det er god kvalitet på produkta og tenestene Tussa leverer, og at selskapet tek samfunnsansvar og er til å stole på. På desse tre områda er omdømmeskåren rundt 80, noko som er svært høgt.
På same nivå som nasjonale aktørar
I undersøkinga er det også ei samanlikning med bedrifter nasjonalt, og Tussa skårar på same nivå som store, nasjonale leverandørar av breiband og IT-tenester.
Vekst i IT-sikkerheit
Dei siste åra har Tussa styrka tenesteområdet IT-sikkerheit med fleire produkt og fleire medarbeidarar. Det anerkjenner kundane, som meiner selskapet har særs god kompetanse på IT-sikkerheit, med ein omdømmeskår på 84 av 100 poeng.
- Vi har dei siste åra opplevd veksande og betydeleg interesse for IT-sikkerheit i marknaden, og har både profesjonalisert og utvikla nye sikkerheitstenester. Vi vart nyleg resertifiserte innanfor ISO 27001 sikkerheitsleiing, noko som stadfestar at vi har god risikostyring, kontroll og rutinar for informasjonssikkerheit, og for å avdekke og stoppe digitale trugslar, seier Driveklepp.
Vi takkar alle bedriftskundane våre som tok seg tid til å svare på undersøkinga!
Grunnpakke for IT-sikkerheit
Kunnskap er ein føresetnad for sikkerheitskulturen i bedrifta. Vår grunnpakke for IT-sikkerheit inkluderer eit e-læringskurs som passar for alle tilsette, og det er ingen krav til forkunnskap. Ved hjelp av korte kursmodular kan bedrifta syte for at alle tilsette kan bidra til sikkerheita i bedrifta.
Grunnpakke for IT-sikkerheit