Kva leitar du etter?

Trandal kraftverk

Tussa med solid resultat og høgste utbyte nokon gong

11.04.2025

Trass i utfordrande marknadsforhold oppnår Tussa eit godt årsresultat i 2024, og leverer det hittil høgste utbytet til eigarane. Både gjennom utbyte og skatt bidreg Tussa med betydelege verdiar som styrkar kommunale tenester, lokalsamfunna og staten.

Tussa sitt driftsresultat er prega av nedgang i resultatet innanfor kraftproduksjon. Innanfor fiber og IT har Tussa auka driftsresultatet, medan installasjon har eit lågare driftsresultat enn for 2023.

Rekneskapen for Tussakonsernet i 2024 viser samla driftsinntekter på 891,3 mill. kr (922,8) og eit driftsresultat på 150,2 mill. kr (251,5). Resultatet før skatt er 171,4 mill. kr (286,0) og etter skatt er resultatet 108,2 mill. kr (173,4). Styret foreslår eit utbyte på 69,4 mill. kr (63,1) til eigarane. Tilsvarande tal for 2023 står i parentes.

Lågare produksjon og kraftpris

Tussa har 26 heileigde kraftverk og er deleigar i 3 kraftverk. Driftsresultatet for kraftproduksjonen vart 121,5 mill. kr, som er 123,2 mill. kr lågare enn i 2023. Det vart produsert 746 GWh i 2024, som er noko lågare enn normalt. I 2024 var gjennomsnittleg spotpris i området vårt, NO3, 32,6 øre/kWh, mot 43,9 øre/kWh i 2023. I tillegg var prisen på opphavsgarantiar lågare enn i 2023. For kraftproduksjonen er skattekostnaden på 61,8 prosent av resultatet før skatt.

Installasjon

Tussa er i dag den største elektrotekniske installasjonsverksemda i regionen, og forretningsområdet hadde eit driftsresultat på 7,7 mill. kr i 2024 (15,8), og resultatet før skatt vart på 5,1 mill. kr (14,1). Det er hard konkurranse i marknaden med låge marginar på større prosjekt. Aktiviteten innanfor installasjonsområdet er høg, og utsiktene for 2025 og 2026 er gode.

Fiber og IT

Fiber og internettprodukt hadde ein omsetningsvekst på 13,3 mill. kr i 2024 og IT-produkt ein omsetningsvekst på 20,9 mill. kr. I 2024 hadde IKT-området eit driftsresultat på 40,7 mill. kr (33,2), og resultat før skatt på 25,7 mill. kr (20,5).

Tussa skal dekkje kundane sine behov for framtidsretta, profesjonelle, miljøvenlege og sikre kommunikasjons- og IT-tenester heile døgnet. Det er potensiale for ytterlegare vekst både innanfor fiber- og IT-tenester.

Nøkkeltal for Tussakonsernet20242023
Driftsinntekter891,3 mill. kr922,8 mill. kr
Investeringar178,3 mill. kr156,4 mill. kr
Driftsresultat150,2 mill. kr251,5 mill. kr
Resultat før skatt171,4 mill. kr286,0 mill. kr
Resultat etter skatt108,2 mill. kr173,4 mill. kr
Skattekostnad63,1 mill. kr112,6 mill. kr
Ordinært utbyte69,4 mill. kr63,1 mill. kr
Eigenkapital1 821,5 mill. kr1 783,8 mill. kr
Eigenkapitalprosent50,8 %51,6 %

Om Tussa

Tussa er eit leiande energi- og teknologikonsern med hovudkontor i Ørsta, som produserer fornybar energi, byggjer og driftar fiberinfrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og installasjonstenester. I tillegg har Tussa eigarpostar i kraftnett og straumsal i selskapa Linja og Wattn. Tussa hadde 277 tilsette ved utgangen av 2024. Tussa er lokalt eigt av kommunane Ørsta, Volda, Herøy, Stryn, Stranda, Hareid, Vanylven, Ulstein, Sande, i tillegg til KLP og Hornindal kraftlag.