Tussa med nytt forretningsbygg i Ulsteinvik
Tussa Installasjon har starta arbeidet med å byggje nytt forretningsbygg i Saunesmarka i Ulsteinvik. Bygget skal stå ferdig i desember 2025.
- Dei eksisterande lokala våre har vorte for små og er ikkje lenger optimale for verksemda vår, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon.
Lokale leverandørar
Grunnarbeidet byrja midt i oktober, og er utført av Aurvoll og Furesund. Arbeidet med bygget er det HS Rise Bygg som utfører. Egset Ventilasjon er ansvarleg for luftbehandlingsanlegget og Svein Roppen tek seg av vatn- og sanitæranlegga. Tussa Installasjon vil sjølv handtere dei elektrotekniske anlegga.
- Vi nyttar lokale leverandørar og miljøvennlege løysingar der det er mogleg. Det er viktig for oss å styrke arbeidsplanane og fagmiljøa som finst i regionen, seier Stenersen.