Kva leitar du etter?

Adobe Stock 680243269

Tussa lanserer berekraftsfond for frivillige lag og organisasjonar

13.05.2024

Tussa deler ut 200 000 kroner til frivillige lag og organisasjonar som vil verte meir miljøvennlege og berekraftige.

Verda står overfor betydelege sosiale og miljømessige utfordringar, og det er eit felles ansvar å engasjere oss i utviklinga av berekraftige løysingar.
Olav Osvoll, konsernsjef i Tussa

Gjennom berekraftsfondet ønskjer Tussa å motivere til gode tiltak og støtte lokale lag og organisasjonar i å gjennomføre prosjekt som fremjer berekraftig utvikling. Dette kan vere prosjekt som har ein tydeleg miljøvinst, men dei kan også adressere sosiale utfordringar eller andre av FN sine berekraftsmål.

Gjennom fondet deler Tussa ut inntil 50 000 kroner til fire lag og organisasjonar frå kommunane på søre Sunnmøre, Stryn og Stranda.

Søknadsfrist er 1. juni.

- Verda står overfor betydelege sosiale og miljømessige utfordringar, og det er eit felles ansvar å engasjere oss i utviklinga av berekraftige løysingar. Sjølv om Tussa er ein liten aktør på nasjonalt og internasjonalt nivå, er vi å rekne med lokalt. Vi skal bidra til å løyse utfordringane der vi har aktiviteten vår. Gjennom Tussa berekraftsfond ønskjer vi å oppmuntre og støtte frivillige grupper lokalt til å ta ansvar for miljøpåverknadene sine og fremje berekraftig praksis, seier Olav Osvoll, konsernsjef i Tussa.

Viktig lokal sponsor

Tussa har gjennom mange år vore ein støttespelar for frivillige lag og organisasjonar. Dei siste åra har nærare 200 grupper fått sponsorstøtte frå Tussa. Den bærande tanken bak Tussa si sponsorverksemd er å bidra til at bygdene våre skal vere attraktive stader å bu, arbeide og besøkje.


Søk om støtte

Søknadsfrist for Tussa berekraftsfond er 1. juni 2024. Les kriteria for å få støtte og fyll ut søknadsskjema.