Kva leitar du etter?

Tussa Fotball liggende

Tussa gir tilbake - støttar lokalt engasjement

13.03.2025

Tussa har delt ut sponsormidlar til over 150 lag og organisasjonar denne vinteren. Idrettslag, korps, festivalar og speidargruppar har fått støtte, for å drive aktivitet for barn og ungdom.

Målet med sponsorstøtta er å styrke det lokale engasjementet og skape gode aktivitetstilbod, spesielt for barn og ungdom. Midlane blir spreidde breitt, slik at flest mogleg får glede av støtta. Det er frivillige lag og organisasjonar i kommunane på søre Sunnmøre, Stryn og Stranda som får sponsorstøtte frå Tussa.

Neste søknadsfrist for sponsormidlar er 15. september 2025.


Samfunnsansvar

Tussa sin visjon er å ha kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi er opptekne av at verksemda vår skal vere til det beste for menneska, miljøet og samfunnet rundt oss.