Kva leitar du etter?

Sponsoravtale Tussa og Bergsøy 2024
Terje Teige i Bergsøy IL saman med Gunnar Slettestøl i Tussa Installasjon avd. Fosnavåg

Tussa forlengjer samarbeidet med Bergsøy IL Fotball

22.05.2024

Bergsøy IL Fotball har inngått ein ny samarbeidsavtale med Tussa som strekkjer seg over tre år.

Kommunikasjonssjef Ann Kristin Einbu uttalar at Tussa er stolt av å forlenge sponsoravtalen med Bergsøy IL Fotball, for dei ser verdien av å støtte og fremje frivillig aktivitet i lokalsamfunnet. Bergsøy IL fotball er eit godt døme på ein klubb som skapar godt miljø, samhald og glede for barn og ungdom. Ved å fortsette samarbeidet vil Tussa vere ein lokal og ansvarleg medspelar, som er med på å skape attraktive og inkluderande fritidstilbod for alle aldersgrupper.

Marknadsleiar Terje Teige seier at klubben er særs nøgde med å ha med Tussa vidare. Tussa har vore ein stabil og påliteleg samarbeidspartnar i mange år. Tussa Sommarcamp, som klubben arrangerer kvart år, har blitt ein stor suksess. I tillegg til at klubben har fiber frå Tussa, så har også Tussa ei installasjonsavdeling som klubben har hatt stor nytte av på anlegga sine.