Kva leitar du etter?

20240415 1511292
Ola Raknes, Øyvind Eidså og Terje Myklebust i området der Røyrhus kraftverk vil liggje

Tussa byggjer Røyrhus kraftverk

16.04.2024

Tussa har starta utbygginga av Røyrhus kraftverk i Stranda kommune. Kraftverket ligg i Røyrhusdalen mellom Grodås og Hellesylt, og har ein forventa årsproduksjon på 5,9 GWh. Kraftverket vil stå ferdig i 2025.

Då Tussa slo seg saman med Stranda Energi hausten 2023, fekk Tussa samstundes vassdragskonsesjon for Røyrhus kraftverk. I mars vart første spadetak tatt.

- Prosjektet føyer seg inn i rekkja av fleire investeringar Tussa gjer med nybygg og rehabilitering av kraftverk. Tussa har i dag 29 vasskraftverk i drift på søre Sunnmøre, Stranda og Stryn. Fire av kraftverka ligg i Stranda kommune.
Olav Osvoll, konsernsjef i Tussa

Straum til 300 husstandar

Stranda Energi fekk konsesjon på Røyrhus kraftverk i 2019. Installert effekt er 2,0 MW og produksjonen er berekna til 5,9 GWh. Det tilsvarar årsforbruket til knappe 300 husstandar. Prosjektet er kostnadsrekna til 34 mill. kr.

- Kraftverket blir plassert om lag 50 meter frå fylkesvegen ved avkøyringa til Røyrhus, også går anlegget innover Røyrhusdalen med ei røyrgate på om lag 950 meter. Det einaste som vil verte synleg av kraftverket frå fylkesvegen er kraftstasjonen, opplyser Osvoll.

Røyrhus kraftverk i mars
Anleggstart i mars med skogrydding og graving av røyrgate

Meir fornybar energi

Tussa er i gang med fleire prosjekt som gir viktige bidrag til å auke den fornybare kraftproduksjonen i området. I Stranda kommune skal Fausa kraftverk moderniserast og oppgraderast, og det same skal Bjørdal og Vartdal kraftverk, begge i Ørsta kommune. Vidare er selskapet i gang med damrehabilitering i Sør-Brandal kraftverk. I Skårelva i Ørsta kommune har Tussa fått konsesjon på eit nytt småkraftverk.

Kart
Oversiktskart der Røyrhus kraftverk er merka med raud dråpe