Kva leitar du etter?

Tusen fiskar til Tyssevatnet

28.06.2024

Kvart år set Tussa ut fiskeyngel i Tyssevatnet, som er magasin til Tussa kraftverk. Slik bidreg vi til å oppretthalde fiskebestanden i vatnet.

Tyssedalen er ein vakker fjelldal som ligg på Bjørke i Volda kommune. Ei bratt rås fører deg opp i dalen, der DNT har ei sjølvbetjeningshytte, og Tussa har ei anleggsbrakke. Frå dalen har du førsteklasses utsikt til mellom anna Hornindalsrokken, Rokkekjerringa og Kvitegga. I vatnet kan du fiske både aure og røye.

Tussa tok snarvegen med helikoptertransport denne dagen, for å få frakta 1000 aureyngel, kvar på 5 gram, raskt og trygt til fjells.

20240627 130633
20240627 133123
Terje Viddal med noko av fiskeyngelen
20240627 133538
1000 aure på 5 gram vart slept ut i vasskanten
20240627 134130
20240627 134506
Terje Viddal, Sveinn Larusson og Arne Jørgensen i Tussa Energi
20240627 140917
Tussa har ei anleggsbrakke ved Tyssevatnet
20240627 142003
20240627 144339
Vakker utsikt mot Hornindalsrokken
20240627 150738

Regulert vatn

Tyssevatnet er magasin til Tussa kraftverk. Regulerte vatn kan påverke det lokale økosystemet, spesielt fiskebestanden, og difor vert det kvart år sett ut aureyngel. På den måten opprettheld eller aukar vi fiskebestanden i vatnet.

Takrenner

På same turen inspiserte vi mange av bekkeinntaka og tunnelane som fører vatn inn til Tyssevatnet. Då Tussa kraftverk vart bygt på 50- og 60-talet, vart det også bygt eit stort tunnelsystem som leier vatnet frå nabovassdrag over til Tyssevatnet. Slik fekk ein dobla produksjonen i Tussa kraftverk.

20240627 153644
Grindreinsking i Lauadalen, eit av elveinntaka til Tussa kraftverk
20240627 153615

Straum til 13 000 husstandar

Tussa kraftverk er det største kraftverket til Tussa, med ein normalproduksjon på 260 GWh i året. Det tilsvarar det årlege straumforbruket til 13 000 gjennomsnittsfamiliar. Kraftverket vart sett i drift i 1961 og modernisert i 1995.