Kva leitar du etter?

Tertialresultat for Tussa, 2. tertial 2024

21.10.2024

Tussa har levert resultatet for 2. tertial 2024. Driftsresultatet er 242,5 millionar kroner, ein nedgang frå 249,3 millionar kroner i same periode i fjor. Resultatet før skatt er 170,7 millionar kroner, ned frå 176,4 millionar kroner.

Omsetninga auka til 972,8 millionar kroner, frå 882,3 millionar kroner i same periode i fjor, og totalkapitalen er 4 992,5 millionar kroner, opp frå 4 674,9 millionar kroner. Eigenkapitalprosenten er 37,5 % mot 38,2 % i fjor.

Lågare kraftprisar

Kraftproduksjonen fekk eit driftsresultat på 128,6 millionar kroner, ned frå 142,2 millionar kroner i fjor. Lågare kraftpris og lågare pris på opphavsgarantiar er medverkande årsaker til nedgangen i resultatet. Akkumulert snittpris per 31. august var 40,3 øre/kWh, mot 44,5 øre/kWh i same periode i fjor.

Akkumulert kraftproduksjon er 461 GWh, og produksjonen ved utgangen av tertialet var om lag 95 prosent av normalproduksjonen for perioden.

Omsetningsauke for internett og IT

Driftsresultatet for IKT-området er 29,6 millionar kroner, opp frå 26,8 millionar kroner i fjor. Ved utgangen av tertialet var det levert fiber til 15 850 hushaldningar og 1 120 bedrifter. Forretningsområdet IT hadde ein auke i den eksterne omsetninga på 13,6 millionar kroner samanlikna med 2. tertial 2023, noko som gir ein vekst på 19,8 %. Hovudårsaka til dette er auke innanfor IT-avtalar og sal av handelsvarer.

Installasjon

Driftsresultatet for installasjon er 3,9 millionar kroner, ned frå 7,2 millionar kroner i fjor. Samanlikna med same periode i fjor, har prosjektporteføljen ein større del fastprisprosjekt. Det har gitt høgare omsetning, men også bidrege til lågare dekningsbidrag.

Store investeringar i kraftnettet

Tussa eig 32,9 % av nettselskapet Linja. Driftsresultatet for Tussa sin eigardel i nettverksemda er 77,6 millionar kroner, ned frå 84,3 millionar kroner i fjor. Investeringane i kraftnettet er betydelege, med 222,4 millionar kroner brukt på ny- og reinvesteringar, og det er mange prosjekt knytt til elektrifisering og det grøne skiftet.