

Ta kontroll over eigne data i urolige tider
Vi er godt vande med å nytte oss av amerikanske teknologitenester. Sidan innsettinga av den amerikanske presidenten har mange blitt meir bevisste på kvar tenestene vi nyttar kjem frå, og enda viktigare, kvar sensitiv og driftskritisk data er lagra.
Det første instinktet er kanskje å flytte alle bedrifta sine tenester heim frå dei etablerte skytenestene – men det er ein kostbar og omfattande jobb, og ein mistar både fleksibiliteten og det teknologiske konkurransefortrinnet ved å bruke skytenester.
Det beste frå begge verder
Ein god mellomting er å designe ei fleirskyløysing som saumlaust integrerer fleksibiliteten og datakrafta frå offentlege skytenester med våre regionale datasenter og den eksisterande IT-infrastrukturen din. Slik kan applikasjonar med høge sikkerheitskrav køyre frå Tussa sine datasenter, medan dynamiske arbeidslastar kan utnytte skalering og kostnadsmodellen i skya.
Med ei fleirskyløysing blir du mindre avhengig av ein enkelt skyleverandør, og du blir mindre sårbar. I eit uroleg politisk landskap er det svært viktig for alle norske bedrifter å jobbe mot å redusere sårbarheit.
Det viktigaste du kan gjere er å stille gode krav til leverandørar av skytenester og webapplikasjonar. Dersom du har kontroll på eigne data, har du både betre sikkerheit og vert mindre sårbar. Samtidig kan dette auke kompleksiteten i IT-løysingane. Den beste løysinga for deg finn vi saman ved å kartleggje bedrifta sine behov og krav til ulike applikasjonar.
Skyløysingar tilpassa dine behov
«Sunnmøre first»
I den offentlege skya er det vanskeleg å ha oversikt over nøyaktig kvar bedrifta sine data er lagra. Alle bedrifter må tenkje over kva konsekvensane er dersom ein plutseleg mistar tilgang til bedrifta sin data – til dømes e-post og fillagring. God backup er ikkje gratis – men det kan bety at bedrifta kan drive som normalt i ei unormal omverd.
Då er Backup som teneste frå Tussa IKT ei god løysing. Her får du ein dagleg sikkerheitskopi av all data i Microsoft 365-miljøet ditt, lagra trygt i våre moderne datasenter. På norsk jord – og innanfor fysisk rekkjevidde.
Ein god sikkerheitskopi er uansett ikkje å forakte. Mange tenkjer at Microsoft ordnar alt, og at dataen din er trygg ut av boksen. Men dersom bedrifta sin data går tapt eller blir kompromittert er det du sjølv som har ansvaret.
M365 Backup
Ein dagleg sikkerheitskopi av heile Microsoft 365-miljøet ditt til Tussa sitt datasenter, som sikrar at du ikkje mistar verdifull data.