Kva leitar du etter?

12 NYH Stryn Turn 1
Arve Aaning i Stryn Turn saman med Anders Bergset og Ann Kristin Einbu i Tussa, og Kamilla Rake i Stryn Turn. Foto: Thomas Thaule, Fjordingen

Stryn Turn og Tussa inngår samarbeidsavtale

19.08.2024

Stryn Turn og Tussa har inngått ei langsiktig samarbeidsavtale, som vil styrke begge partar sitt engasjement for idrett og aktivitet i lokalsamfunnet.

Det langsiktige samarbeidet bidreg sterkt til at Stryn Turn kan utdanne fleire instruktørar og trenarar, og kjøpe inn nytt utstyr som sikrar kvalitet i det viktige arbeidet vårt for god folkehelse i Nordfjord, seier Arve Aaning i Stryn Turn.

Viktig lokal sponsor

Tussa har støtta Stryn Turn gjennom fleire år, og ser fram til vidare og auka samarbeid med klubben.

- Stryn Turn er ei positiv drivkraft for fellesskap og eit godt oppvekstmiljø i Stryn, noko som går godt saman med Tussa sine visjonar og mål. Vi ønskjer å vere ein lokal og ansvarleg medspelar, som bidreg til å skape aktivitet og trivsel i lokalsamfunna på søre Sunnmøre, Stryn og Stranda, seier Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa.

Stryn Turn

Stryn Turn er ei av største idrettslaga i Sogn og Fjordane, og klubben turnar heilt i toppen når det gjeld engasjement og godt miljø. Stryn Turn har om lag 500 medlemmer, frå dei yngste som er 2 år til dei eldste som jobbar frivillig som instruktørar og trenarar.

- Stryn Turn er glade for samarbeidsavtalen med Tussa og gler seg til ny sesong startar i september, seier Aaning.

12 NYH Stryn Turn 2
Tussa har støtta Stryn Turn gjennom fleire år, og ser fram til vidare og auka samarbeid med klubben. Foto: Thomas Thaule, Fjordingen
2874739793530317241