Kva leitar du etter?

Adobe Stock 446554225

Ta med deg TV-en på ferie

25.06.2024

Visste du at du kan ta med deg TV-kanalane dine på ferie i sommar, enten du skal på stranda eller i fjellheimen? Du treng ikkje eingong ta med deg TV-apparatet – i alle TV-abonnementa våre får du nemleg med Telia Play-appen.

Med Telia Play kan du få med deg TV-augneblinka anten du er heime, på hytta eller på farten. Du får tilgang til alle TV- og strøymekanalane dine via Apple TV, PC/Mac, nettbrett og mobil.

Har du tilgang til internett på ferieturen?

For å sjå TV via Telia Play-appen treng du ei stabil internett-tilkopling. Mange stader kan du få tilgang til trådlaust nett, men det er ikkje uvanleg at ein må ty til 4G eller 5G når ein er på tur. Då bør du hugse på at video brukar mykje data! Det kan vere lurt å passe litt ekstra på at du ikkje går tom for data eller får store ekstrakostnader på mobilrekninga. Du kan følgje med på databruken i appen til mobiloperatøren din, og kjøpe ekstra datapakke dersom du treng det.

Dersom du ferierar på ein stad med dårleg mobildekning, er det ikkje sikkert at du kan strøyme TV, film og seriar sjølv om du har appen. Dersom gjengen blir samde om skrekkfilmmaraton på hytta, eller familien har behov for ein distraksjon i baksetet på bilturen, kan ein i både Telia Play-appen og andre strøymetenester laste ned filmar og seriar på førehand, slik at ein kan sjå dei utan internett. Merk at dette berre fungerer i appen, og ikkje på nett-TV.

Stor eller liten skjerm

Etter ein lang dag ute i sjøen eller på fottur i den norske fjellheimen, er det ekstra stas å benke seg føre TV-en, anten ein skal sjå sommarens fotball-EM i Tyskalnd, sommar-OL i Paris, eller sjå favorittlaget i aksjon i Premier League. Då er det kjekkast å få biletet opp på storskjermen enn å sjå det på mobilen. Då er det kjedeleg om du ikkje får kopla til skjermen.

Dersom du har med ein berbar PC, kan du som regel kople denne til TV-en med ein HDMI-kabel. Nokre mobiltelefonar kan òg koplast til TV-en, slik at du kan få opp mobilskjermen på TV-en, men dette krev som regel ein spesiell adapter.

Apple TV eller Chromecast kan vere ei god løysing dersom du ønskjer å unngå kabel. Begge desse treng internett, og dersom du har planar om å dele mobildata med desse, bør du ha med ei ekstra mobil eining: du kan nemleg ikkje caste til Chromecast med den same eininga som du deler mobildata frå.

Eit godt råd er å teste at det fungerer før du reiser heimanfrå. Slik er du sikker på at du har med deg alle kablar og einingar som du treng.

Alt samla på ein stad

Enten du skal nyte sommaren heime i stova eller ute på tur, har du med digital-TV frå Telia tilgang til alle strøymetenester og kanalar i eitt abonnement. Du er dermed sikra den beste underhaldninga, enten det er Netflix, Viaplay, Max eller TV2 Play du ser mest på. Du kan enkelt lage di eiga TV-pakke i Valmenyen.