Skuleelevar frå Stryn på kraftverksbesøk
Onsdag fekk 55 elevar frå Tonning skule besøke Dalane kraftverk i Markane i Stryn. Besøket var ein del av undervisninga om ulike energiformer, og det var ein godt budd, interessert og nysgjerrig gjeng vi fekk på besøk.
På kraftverket fekk elevane lære om fornybar energi og sjå korleis vasskrafta fungerer i praksis. Paul Hatledal i Tussa har arbeidd med kraftproduksjon i 40 år, og han delte raust av kunnskapen sin både om lokal krafthistorie og korleis vasskraftproduksjon går føre seg.
Frå fjell til turbin
I tillegg til besøket på kraftstasjonen, var elevane oppe ved dammen i Svingesetvatnet. Der møtte dei Jan Træen, pensjonert dagleg leiar i Stryn Energi, som orienterte om dammen og inntaket. Slik fekk elevane følgje vatnet heile vegen, frå fjell til turbin. Turen frå dammen og ned til kraftstasjonen gjekk dei til fots, der dei følgde den nedgravne rørgata.
Framtida sine ingeniørar og fagarbeidarar
For elevane var besøket ein del av undervisninga, men vi vonar nokre av dei også fekk inspirasjon til framtidig utdanningsval. Fleire var tydeleg interesserte i fagområda våre; kraftproduksjon, installasjon, IT og fiber. Tussa er ein stor arbeidsgjevar i regionen, med 260 medarbeidarar fordelt på ni lokasjonar i sju kommunar. Vi tek kvart år i mot lærlingar innanfor elektrofag og IKT-servicefag.
Tussa tek gjerne i mot skuleelevar for å vise fram anlegga og kontora våre, enten det er vasskraftverka, Ørsta eldhus, datasenteret eller forretningsbygga. Vi ser det som ein del av samfunnsansvaret vårt å syne fram aktiviteten vår, og vise fram kva arbeidsmarknad og yrkesmoglegheiter som finst lokalt.