Sikkerheitstips for sommarferien
Sommarferien er tida for å logge av og lade batteria. Samtidig er det høgsesong for cyberangrep. Låg bemanning og mange feriereisande gjer norske bedrifter til attraktive mål for kriminelle i sommarmånadane.
Kritiske sommarmånader
Samtidig som sommaren slår inn over oss, ser vi ei oppblomstring av cyberangrep. Låg bemanning og mange feriereisande gjer norske bedrifter til attraktive mål for kriminelle i sommarmånadane. Vondsinna aktørar blir stadig meir sofistikerte, og tek i bruk nye og avanserte AI- og automatiseringsverkty.
Det viktigste er at alle medarbeidarane har kjennskap til risikoen for cyberangrep og beredskapsrutinane til bedrifta. Slik kan bedrifta førebyggje angrep og raskt avgrense skadeomfanget dersom uhellet er ute. Under finn du gode sikkerheitstips til medarbeidarar på sommarferie.
Smarte sikkerheitstips frå Tussa
- Tek du med deg jobb-PC på ferie, "berre i tilfelle"? Å ta med mange dingsar på tur aukar risikoen for at ei eining kjem på avvegar.
- Ikkje legg frå deg PC-en din synleg i bilen eller gå frå mobilen på solsenga.
- Bruk FaceID eller fingeravtrykk i staden for kode på mobilen. Ein tjuv kan sjå deg over skuldra før han slår til.
- Pass på at all programvare er oppdatert. Du bør ikkje ignorere varsel om oppdateringar sjølv om du er på ferie. Dette kan vere potensielle inngangar for cyberkriminelle.
- Ta sikkerheitskopi av data du ikkje kan miste. Slik unngår du at bedriftskritisk informasjon går tapt.
- Aktiver tofaktorautentisering for kontoar og tenester. Dette gjer det vanskelegare å få tak i informasjon som er lagra på eininga dersom den kjem på avvegar.
- Unngå å kople til opne, usikra nettverk. Mobildata kan vere eit godt alternativ, men pass på datakostnadene, som kan bli høge ved bruk i utlandet.
- Ta i bruk ei VPN-løysing som beskyttar tilkoplinga til internett. Slik sikrar du at informasjon blir sendt kryptert.
- Ver kritisk til vedlegg og lenkjer i e-post og i sosiale medium. Les gjerne artikkelen vår om korleis du unngår svindel i e-post og sosiale medium.
Er du obs på e-postsvindel?
Dei fleste opplever frå tid til annan å få ein falsk e-post som ber deg om å klikke på ei lenkje, svare på e-posten eller overføre pengar. Av og til er det lett å sjå at e-posten ikkje er ekte, men ofte kan det vere vanskeleg å identifisere eit svindelforsøk.
Er bedrifta di sikra mot cyberangrep i sommar?
Har bedrifta di reglar for bruk av IT-utstyr på ferie? Og har du kontroll på backup-rutinar og tilgangsstyring? Les meir om korleis du kan førebyggje angrep og raskt avgrense skadeomfanget dersom uhellet er ute.
IT-cruise 2024
4. september gjentek Tussa IKT og Nordea suksessen med IT-cruise. Denne gongen går turen inn i Hjørundfjorden, der historia til Tussa starta for 75 år sidan.