Resertifisert innanfor informasjonssikkerheit
Tussa IKT har fornya ISO 27001-sertifikatet. Sertifikatet stadfestar at Tussa IKT har gode system og rutinar for informasjonssikkerheit, og for å avdekke og stoppe digitale trugslar.
Informasjonssikkerheit er svært viktig i dagens samfunn, der digitale trugslar og svindel mot bedrifter blir stadig meir avansert. Tussa forvaltar store verdiar for kundane, som forventar at Tussa har gode system, full kontroll, og kan stoppe angrep frå vondsinna aktørar.
Det tek vi på alvor, og i 2020 vart Tussa IKT sertifisert i ISO 27001, med resertifisering i 2021 og no i 2022. Trusselbiletet er i stadig utvikling, og dei årlege resertifiseringane viser at selskapet legg stor vekt på stadig forbetring av rutinar, tenester og dokumentasjon.
Best på informasjonssikkerheit
- Ambisjonen vår er å ta rolla som den aktøren som er best kjent for informasjonssikkerheit. Vi har lenge tilbydd profesjonelle sikkerheitstenester som styrkjer kundane si motstandskraft mot digitale trugslar, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
Omfattar både IT og kommunikasjon
Det er Tussa IKT sine metodar og prosessar for sikkerheitsleiing som er sertifiserte. Det vil seie Information Security Management System (ISMS), på norsk: Internkontroll for informasjonssikkerheit.
Dette omfattar sal, leveranse, drift og brukarstøtte av tenestene innanfor forretningsområda IT og kommunikasjon, og inkluderer både Tussa datasenter, breibandsnettet og lokala i Ørsta, Ålesund og Herøy.
Slik sikrar du bedrifta di mot cyber-angrep
Aldri før har norske bedrifter stått ovanfor større digitale trugslar enn no. Men korleis veit du om rutinane dine er gode nok når nettopp di bedrift blir angripen?