Kva leitar du etter?

60
Sørbrandal kraftverk ligg i Vanylven kommune, og i sommar skal det gjerast arbeid på dammen

Rehabilitering av Sørbrandal kraftverk

07.02.2024

I mars startar rehabiliteringa av dammen i Børevatnet, som er vassmagasin til Sørbrandal kraftverk i Vanylven kommune.

Dammen ligg i eit populært og ynda turområde, og Tussa legg difor stor vekt på å gjennomføre prosjektet på ein trygg og sikker måte for dei som bur og ferdast i nærleiken. Ved at både entreprenøren og turfolk viser omsyn til kvarandre, og som langt som råd ikkje er til hinder for kvarandre, får vi ein anleggsperiode og resultat som alle kan vere tilfredse med.

Arbeid frå mars til november

Arbeidet er planlagt å starte i mars/april, og går alt som planlagt vil det vere ferdig i november. Det er rundt dammen i Børevatnet det meste skal skje. For å stette nye krav frå styresmaktene skal mellom anna dette gjerast:

  • Betongtettekjerna i dammen skal hevast med 0,75 meter
  • Ny plastring opp- og nedstraums
  • Forlenging av dam mot flaumkanal
  • Reinsking og reparering av flaumkanal
  • Montere instrumentering

For å skaffe plastringsstein og masse vert det etablert eit mellombels steinbrot om lag 500 meter frå dammen. På grunn av anleggstrafikk mellom dammen og steinbrotet, vil vegen verte breiare, og det blir etablert fleire møteplassar.

L 100 Arealbruksplan dam Borevatn E06
Arealbruksplan som viser det planlagte arbeidet.
FKOY6247
Dammen i Børevatnet slik han er no
Bilde
Prosjektert dam - slik dammen vert når arbeidet er ferdig

Møte på Fredheim

Tysdag 30. januar var grunneigarar, hyttefolk og lokalbefolkninga inviterte til informasjonsmøte om arbeidet som skal gjerast på dammen i Børevatnet. Det var godt oppmøte og dei viste stor interesse for gjennomføringa av prosjektet. Det er Aurstad Tunnel som skal gjennomføre arbeidet, og både dei og Tussa var til stades for å orientere og svare på spørsmål.

9
Informasjonsmøte på Fredheim

Om Sørbrandal kraftverk

Sørbrandal kraftverk vart sett i drift i 1951 og modernisert i 2003. Kraftverket utnyttar et fall på 366 meter mellom Børevatnet og Rovdefjorden. Det samlast også inn vatn frå Trollevatnet.