Kva leitar du etter?

Oterhals Ottesen Stenersen Slettestøl
Terje Garnes Oterhals, dagleg leiar i Proton Elektro, Bård Ottesen, styreleiar i Proton Elektro, Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon og Gunnar Slettestøl, avdelingsleiar Fosnavåg i Tussa Installasjon.

Proton Elektro slår seg saman med Tussa Installasjon

09.10.2024

Installasjonsverksemdene Proton Elektro og Tussa Installasjon slår seg saman for å sikre lokale arbeidsplassar og skape nye moglegheiter for utvikling og vekst.

- Ved å kombinere ressursane og kompetansen til begge selskapa, vil vi kunne tilby betre tenester til kundane våre og oppretthalde eit stabilt og trygt arbeidsmiljø for medarbeidarane. Vi har i ein periode sett etter ein samarbeidspartnar for å sikre vidare vekst for selskapet, og er glade for denne samanslåinga, seier Bård Ottesen, styreleiar i Proton Elektro.

Lokalisert på Mjølstadneset

Proton Elektro har i dag 27 medarbeidarar i Fosnavåg. Tussa Installasjon har 130 medarbeidarar, der 17 jobbar ved avdelinga i Fosnavåg. Proton Elektro vert no ein del av Tussakonsernet, og frå 1. januar 2026 vert selskapet fusjonert med Tussa Installasjon, og flyttar til Tussa sitt nye forretningsbygg på Mjølstadneset. Bygging av tavle og styresystem vil halde fram i Proton Elektro sine lokale på Mjølstadneset som tidlegare.

Vi skal byggje ei solid bedrift i Herøy, som gjer oss til ein attraktiv stad å jobbe.
Bård Ottesen, styreleiar i Proton Elektro

Byggjer ei solid bedrift i Herøy

- Vi har hatt gode og konstruktive møte gjennom heile prosessen og vi deler det same framtidsmålet. Vi skal byggje ei solid bedrift i Herøy, som gjer oss til ein attraktiv stad å jobbe og som bidreg til god rekruttering til bransjen. Saman får vi eit sterkare fagmiljø og kundane våre vil dra nytte av eit breiare spekter av tenester og løysingar, seier Bård Ottesen, styreleiar i Proton Elektro.

Breiare tenestespekter

Proton Elektro spesialiserer seg på elektrotekniske installasjonar med særskild merksemd mot maritim service og tavlebygging, og har eit breitt spekter av kundar innanfor næringsmarknaden og privatmarknaden. Tussa Installasjon har vore i marknaden på søre Sunnmøre i 75 år, og leverer i dag tenester innanfor alle elektrotekniske fagområde til både private og bedrifter.

- Samanslåinga med Proton Elektro vil bidra til at Tussa Installasjon får tilført verdifull kompetanse og styrkt fagmiljø, og vi ser mange synergiar. Eit breiare tenestespekter innanfor maritim og landbasert industri, der tavlebygging blir ein sentral del, vil vere viktig for utviklinga av selskapet framover, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon.