Kva leitar du etter?

Magnus Grimstad Ivar Driveklepp Ståle Welle og Roger Welle
Avtalen vart signert 17. desember. Frå venstre Magnus Grimstad og Ivar Driveklepp i Tussa IKT saman med Ståle Welle og Roger Welle i PC Support.

PC Support og Tussa IKT slår seg saman

17.12.2024

Tussa IKT har ambisjonar om å vere den leiande IT-aktøren i regionen, og har no inngått avtale om kjøp av PC Support som er lokalisert i Sykkylven. Kjøpet sikrar ei solid plattform for vidare vekst, større fagmiljø og lokalt nærvær.

Med PC Support på laget får vi tilgang til nye marknader og viktig kompetanse.
Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT

- Med kjøpet styrkar vi posisjonen vår i regionen, der Tussa si IT-verksemd vil ha ei omsetning på nærare 200 millionar kroner og rundt 80 IT-medarbeidarar. Med PC Support på laget får vi tilgang til nye marknader og viktig kompetanse, som er avgjerande for å levere framtidsretta IT-tenester både til eksisterande kundar og til større og nasjonale kundar, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

Betre tilbod til kundane

PC Support vart etablert i 1988 og har sidan oppstarten levert infrastruktur og driftstenester. Selskapet har 20 medarbeidarar.

- Målet for PC Support er å gjere ein forskjell for kundane våre. Vi skal bidra til trygge og effektive IT-verktøy for bedriftene rundt oss. Slik som utviklinga går, med stadig større krav til både breidde og djupne i fagmiljøa, så er vi sikre på at avtalen med Tussa IKT er til det beste for både kundane og medarbeidarane våre. Vi skaper eit enda meir robust og kompetent fagmiljø i regionen, og er trygge på at dette vil bidra til vekst og konkurranseevne. Eit større miljø gir tilgang til dei mest spennande prosjekta og dei største kontraktane, seier Ståle Welle, dagleg leiar i PC Support.

Vi skaper eit enda meir robust og kompetent fagmiljø i regionen.
Ståle Welle, dagleg leiar i PC Support

Satsar i Sykkylven

Tussa IKT er totalleverandør av IT-tenester, og leverer IT-løysingar basert på nettskya Microsoft Azure og eige datasenter. Selskapet har eit særleg fokus på IT-sikkerheit. I tillegg er Tussa IKT utbyggjar og leverandør av fiber, og har to fiberføringar til Sykkylven kommune. Det gir ein robust og sikker infrastruktur både for kontoret i Sykkylven og for kundane i området.

- Saman med PC Support kan vi byggje vidare på eit allereie sterkt fagmiljø, og vi styrkar kapasiteten på viktige satsingsområde. PC Support er ein veletablert IT-leverandør med høg kundetilfredsheit. Vi ser det som strategisk viktig å satse på lokasjonen i Sykkylven, både for å sikre vekst i regionen og for å gi tryggleik til kundane og medarbeidarane, seier Driveklepp.

PC Support
PC Support er lokalisert i Sykkylven og Tussa ser det som strategisk viktig å satse vidare her.