

Støtte til nettvettføredrag
13.03.2025
Som ein del av samfunnsansvaret vårt inviterer vi skulane på søre Sunnmøre, Stryn og Stranda til å søkje om støtte til nettvettføredrag med Barnevakten. Målet er å lære barn å ta smarte val på nett, mobil og i spel.
Søk støtte for haustsemesteret
Søknadsfrist 15. september 2025.
Desse fekk støtte
Vi takkar for stor interesse for føredraga, og i fordelinga av støtte har vi prioritert skular som ikkje har fått støtte tidlegare. Dei fem skulane som får støtte vårsemesteret 2025 er:
- Ytre Herøy ungdomsskule i Herøy kommune
- Vartdal skule i Ørsta kommune
- Barneskulane i Hareid: Hjørungavåg, Hareid og Bigset skule i Hareid kommune
- Hareid ungdomsskule i Hareid kommune
- Tonning skule i Stryn kommune
Variert innhald og fleksible format
Barnevakten tilbyr ulike føredrag, både fysisk og digitalt, og alle blir gjennomførte med lokal føredragshaldar frå søre Sunnmøre; Stefan Halck.
Tema i føredraga blir tilpassa ønska til skulen og målgruppa, men inkluderer ofte:
- Fakta om mediebruk
- Nettmobbing
- Sosiale media
- Medieskapt utsjånadspress
- Foreldrerolla
- Gleder og utfordringar
- Speling og e-sport
- Grensesetjing, skjermtid og aldersgrenser