Kva leitar du etter?

Erik Outzen og Ivar Driveklepp avtale Maritech og Tussa IKT
Erik Outzen, Business Management i Maritech og Ivar Driveklepp, adm. dir. i Tussa IKT

Maritech og Tussa inngår strategisk partnarskap

04.04.2024

Programvareselskapet Maritech i Molde inngår nytt samarbeid med Tussa om IT-tenester til logistikkbransjen.

Maritech er ein leiande leverandør av programvare for logistikk-, havbruk- og sjømatnæringa, og har mange av dei største transportselskapa i Noreg på kundelista. Selskapet utviklar og leverer komplette skyløysingar for å optimalisere prosessar knytt til logistikk, transport, sporing av varer og annan operasjonell handtering.

Partnarskapen med Tussa er inngått med bakgrunn i at Maritech vil heve kvaliteten på IT-driftstenestene dei leverer til kundane sine.

- Filosofien vår er å alltid jobbe med dei beste, og det er difor vi har valt Tussa. Vi kjenner dei godt og dei har eit solid rykte for å levere stabile IT-tenester med eit særs høgt service- og tryggleiksnivå. I tillegg er Tussa veldig gode på andre område, som gjer dei til ein relevant partnar for kundane våre.
Erik Outzen, Business Development i Maritech

Samarbeidet rettar seg spesielt mot kundar som nyttar Timpex, ei programvareløysing spesialisert innan logistikkbransjen.

- Vi ser fram til eit langsiktig samarbeid der vi saman med Maritech kan tilby ei god og framtidsretta løysing knytt til Timpex-applikasjonen. I tillegg kan vi tilby kundane mange gode tenester som vil gi ei konkurransedyktig totalløysing. Sidan Tussa satsar både på Azure og eige datasenter, kan vi til ei kvar tid tilby det beste designet for kvar enkelt kunde. Utgangspunktet vårt er å levere ei løysing som kan vidareutviklast samstundes som vi stiller høge krav til stabilitet, tryggleik og support, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.