Kva leitar du etter?

20240704 183720

Kraft og blues på Øye

16.08.2024

Frå 4. til 6. juli inviterte Tussa til nytt Kraftbluesinar på Hotel Union Øye. Temaet for seminaret var korleis Noreg kan løyse kraftutfordringane fram mot 2050, med vekt på berekraftig energiproduksjon, oppgradering av eksisterande kraftverk og nye teknologiar.

Noreg på jumboplass i kraftutbygging i 2023

Eit av dei sentrale temaa under seminaret var utfordringane med kraftutbygging i Noreg. I 2023 hamna Noreg på jumboplass i kraftutbygging samanlikna med våre nordiske naboland. Fornybar Norge melde i vinter at Noreg berre klarte å bygge ut 493 MW og om lag 1,0 TWh i ny kraftproduksjon i fjor, og 60 prosent av dette var solkraft. Mange tal svirrar rundt det grøne skiftet, og kor mykje ny kraft treng vi eigentleg framover? Overproduksjonen er borte før 2030, seier prognosane, og vi treng 40 TWh innan 2040-50 for å møte framtida sitt kraftbehov.

Diskusjonane på bluesinaret dreia seg om alt frå vindkraft på land, som møter massiv folkeleg motstand, til regjeringa si satsing på havvind, og spørsmålet om kjernekraft kan vere ein del av løysinga.

20240705 084823
20240705 112145
20240705 092411
20240705 105648

Aktuelle føredragshaldarar og diskusjonar

Seminaret opna med ei velkomstrunde leidd av Terje Myklebust frå Tussa Energi, etterfølgt av interessante innlegg frå fleire sentrale aktørar i kraftbransjen. Morten Hegna frå Montel gav deltakarane eit overordna perspektiv på kraftmarknaden, medan Bjørn Honningsvåg frå Lyse diskuterte utfordringane knytt til investeringar i effekt og pumping. Knut Arild Flatjord frå Sogn og Fjordane Energi, snakka om framtida sitt magasinkraftverk, og John Martin Mjånes i Sunnhordaland Kraftlag delte erfaringar frå Fjellhaugen kraftverk og optimaliseringa av heile Blåfallivassdraget.

Kjernekraft og vasskraft i framtida

Jonas Kristiansen Nøland frå NTNU presenterte argument for å investere i kjernekraft, noko som i etterkant vart diskutert rundt bordet. Katrin Lervik frå Fornybar Norge reiste spørsmålet om rammevilkåra er rigga for at vasskrafta kan investere i meir effekt.

Blå taktar på Trandalblues

Etter ein dag fylt med faglege diskusjonar, gjekk turen vidare til Trandalblues. Deltakarane samla seg i resepsjonen før dei tok båten til Trandal, der dei kunne nyte fengjande blues i ein elles regnfull og småkald kveld. Trandalblues vart ei flott avslutning på ein inspirerande dag med både kraft og blues på menyen.

20240705 182714
20240705 185517
20240705 223034