Kva leitar du etter?

IT-cruise i Hjørundfjorden

04.07.2024

4. september gjentek Tussa IKT og Nordea suksessen og inviterer til IT-cruise. Denne gongen går turen inn i Hjørundfjorden, der historia til Tussa starta for 75 år sidan.

Det er ei glede å invitere deg til IT-cruise med Tussa IKT og Nordea på Havila Castor 4. september!

I årets program vil du få forståing for kvifor sirkulær IT er viktig, og kva du og di bedrift kan gjere. Kunstig intelligens som superkraft? Med generativ AI er moglegheitene enorme, og du vil få sjå døme på dette.

Vi tek deg gjennom døme frå verkelegheita om korleis eit tett samarbeid mellom utviklar og driftspartnar kan sjå ut i praksis, og gir deg nokre gode råd på vegen mot skya. Det blir òg spennande å sjå direktesending frå vårt sikkerheitsoperasjonssenter (SOC) i Göteborg, der sikkerheitshendingar blir oppdaga og handtert.

Programmet blir avrunda med ein sofadebatt med ekspertar frå Tussa IKT, med opning for spørsmål frå salen med Ole Rolfsrud som fasilitator.

Alt dette med fantastiske Hjørundfjorden som kulisser, og det blir god tid til å nyte utsikta og den gode samtalen. Til middag får vi servert eit utsøkt måltid frå Restaurant Havrand.

Dette vil du ikkje gå glipp av, så meld deg på i dag – det er eit avgrensa tal plassar.

Om du melder deg på før 10. juli er prisen for konferanse, cruise, lunsj og middag kr 2 490, deretter 2 990. Oppmøte er på Skansekaia i Ålesund kl. 09:45, og retur same stad kl. 18:00.

Sjå høgdepunkta frå i fjor

I fjor segla Tussa og Nordea sitt første IT-cruise frå Skansekaia med kurs for Geirangerfjorden.