Kva leitar du etter?

BD 0415
Vigleik Hustadnes, CISO i Tussa IKT

Har du ein god nok sikkerheitskultur?

05.03.2021

Små bedrifter er like utsett for dataangrep som store, men dei små har framleis mykje mindre kontroll på sine eigne data (Mørketalsundersøkinga 2020). Manglande styring av cyber-risiko kan få store økonomiske konsekvensar, og styret har eit ansvar for å ivareta informasjonssikkerheita i bedrifta.

Vi blir stadig meir avhengige av appar og tenester frå mange ulike leverandørar. Det gjer digital sikkerheit og personvern viktigare enn nokon gong, både for samfunnet, privatpersonar og bedrifter. For mindre bedrifter er det i halvparten av tilfella tilfeldig at eit sikkerheitsbrot blir oppdaga, og med auka bruk av heimekontor siste året er det sannsynleg at talet er enda større.

Løysingar for små og mellomstore bedrifter

Gode rutiner for informasjonssikkerheit gjer at sikkerheitsbrot blir oppdaga tidlegare og reduserer skadeomfanget. Tussa hjelper kundane sine til å innarbeide ein sikkerheitskultur gjennom styring, risikoreduserande tiltak og måling, og selskapet ser at interessa er stor styre, leiargrupper, IT- og HR-avdelingar, og blant vanlege brukarar.

Mange av sikkerheitsløysingane på marknaden er tilpassa store selskap, og eignar seg mindre for dei små bedriftene. Difor har Tussa lansert fleire produkt og tenester som ivaretek sikkerheita til små og mellomstore bedrifter:

Tussa Trygg Klient

Tussa Trygg Klient er ein sikkerheitspakke som handterer alle typer angrep. Mange synest informasjonssikkerheit er krevjande og uoversiktleg, og difor er «Trygg Klient» svært enkelt å ta i bruk. Ved kritiske hendingar blir Tussa varsla, og vil ta kontakt med deg for vidare oppfølging.

Tussa Trygg Trafikk

Tussa Trygg Trafikk er ei brannmurteneste som sikrar datatrafikken ved å blokkere mot angrep og vondsinna programvare, i tillegg til å leggje om trafikken til 4G ved brot på den faste linja. Bedrifta kan få jamnlege rapportar om kva skytenester som er i bruk i bedrifta, og enkelt blokkere eller begrense trafikk til applikasjonar som ikkje er godkjende.