Kva leitar du etter?

Tussa Olav Osvoll web 0464
Olav Osvoll, konsernsjef i Tussa

Godt 1. tertial for Tussa

08.07.2024

Tussa fekk eit sterkt resultat første tertial 2024. Den positive utviklinga kjem som følgje av høgare kraftproduksjon, god resultatutvikling i Linja og omsetningsvekst innanfor IT, fiber og installasjon.

Rekneskapen for 1. tertial 2024 syner eit driftsresultat på 209,3 mill. kr (167,3) og eit resultat før skatt på 165,1 mill. kr (116,6). Omsetninga er 594,8 mill. kr (487,1). Tilsvarande tal for same periode i fjor står i parentes.

Vekst i IT, internett og installasjon

- Tussa har oppnådd ei omsetningsauke på 22 prosent, og det er vekst i alle forretningsområda våre. Vi har auka salet av internett og TV til bedrifter og hushaldningar, og innanfor IT er det godt sal av IT-avtalar til bedrifter og konsulenttenester. Installasjon viser også god utvikling, med høgare aktivitet i prosjektmarknaden, og god tilgang på serviceoppdrag både i privat- og næringsmarknaden, seier Olav Osvoll, konsernsjef i Tussa.

Høgare kraftproduksjon

Tussa eig og driv 29 vasskraftverk og driftsresultatet for kraftproduksjonen vart 135,2 mill. kr i første tertial. Det er 30 mill. kr betre enn same periode i fjor. Forklaringa er høgare produksjon frå vasskraftverka. I første tertial vart det produsert 278,7 GWh, knappe 70 GWh meir enn same periode i fjor.

- Tilsiget hittil i år er 115 prosent av normalt, og ved utgangen av tertialet var magasinfyllinga i området vårt på 11 prosent, noko som er litt over normalen for årstida, seier Osvoll.

Når det kjem til kraftprisane, var gjennomsnittleg spotpris i NO3 (Midt-Noreg) 58,6 øre/kWh første tertial. Til samanlikning var systemprisen i perioden 64,2 øre/kWh og prisen i NO1 (Søraust-Noreg) 71,7 øre/kWh.