Frukostmøte: Utnytt moglegheitene i skya
Saman med twoday inviterer vi til frukostmøte på Pir Cowork 12. juni. Her viser vi deg korleis du kan ta i bruk skyteknologi på ein måte som skaper verdi og sikrar konkurransefortrinn.
Skya gjer det mogleg for bedrifter å innovere raskare og møte stadig tøffare konkurranse. Tussa og twoday viser deg korleis du kan utnytte teknologien best mogleg og skape konkurransefortrinn i di bransje. I seminaret vil vi gå gjennom dei beste praksisane innan kunstig intelligens (AI) og sikkerheit. Vi vil gå gjennom praktiske eksempel frå vår region som viser korleis du kan lukkast med å utnytte skyteknologi til din fordel.
Program for dagen
-
Det blir servert frukost og kaffi/te.
-
Skya opnar uante moglegheiter for å skape varige konkurransefortrinn, men det er avhengig av at vi byggjer løysingar som er sikre, skalerbare og kostnadseffektive. Tussa IKT og twoday forklarer korleis moderne skyløysingar føreset eit tett samarbeid mellom utviklar og infrastruktur.
-
Kunstig intelligens utviklar seg i eit rasande tempo. Korleis kan du dra nytte av AI-verkty i skya? Få innsikt i Azure AI og Copilot, og korleis dei kan forbetre forretningsprosessane dine og gje verksemda di ein konkurransefordel.
-
Trugslar frå cyberangrep vert større for kvar dag som går. Er det trygt å flytte bedrifta sine applikasjonar til Azure, og korleis kan ein utnytte fordelane med skya og samstundes sikre at sensitiv informasjon ikkje kjem på avvegar?