Kva leitar du etter?

Shutterstock 379100755

Dataangrep kan koste bedrifter dyrt

22.04.2022

Aldri før har norske bedrifter stått overfor større digitale trugslar enn no. Men korleis veit du om rutinane dine er gode nok, når nettopp di bedrift blir angripen?

Vigleik Hustadnes er leiar for informasjonssikkerheit i Tussa, og jobbar dagleg med korleis bedrifter skal møte dei nye digitale utfordringane best mogleg. 27. april vil Tussa, i samarbeid med Stryn Næringshage, setje IT-sikkerheit på agendaen, og inviterer bedriftene i Stryn til gratis frukostmøte om temaet.

Viktig også for små og mellomstore bedrifter
Digital sikkerheit må på agendaen og snakkast om i bedrifta, slik at kvar enkelt medarbeidar forstår kva påverknad han har på sikkerheitsnivået. Ei undersøking frå 2020 viser mellom anna at det er dei mindre bedriftene som har minst kontroll på eigne data. Dei er samstundes like utsett for dataangrep som større verksemder.

- Mange leiarar for mindre bedrifter synes det er vanskeleg å ta ansvar for IT-sikkerheit fordi dei trur det handlar om teknisk kompetanse, seier Hustadnes. Han understrekar at sjefen sitt ansvar ikkje er detaljane, men oversikt over både verdiane, menneska og teknologien. Ved å tenkje over kva ein er mest redd for, kan ein konsentrere seg om dei mest effektive tiltaka.

Bevisste medarbeidarar gir tryggare drift
Det er mange konkrete og gode råd eller produkt som bedrifter kan ta i bruk for å sikre arbeidsplassen sin. I tillegg til system og teknologiske løysingar, er menneska avgjerande. Medarbeidarane i bedrifta må bruke datasystem på ein bevisst måte, og bedrifta må sørgje for å etablere ein god sikkerheitskultur.

På frukostmøtet 27. april vil Tussa presentere ulike sikkerheitstenester som sørgjer for at medarbeidarane sine einingar er sikra både på kontoret, heime og på reise. I tillegg vil Steinar Brekke, Wattn sin bedriftsrådgjevar i Stryn, fortelje om det nye straumselskapet.