Kva leitar du etter?

Åndalsnes

Frukostmøte: Utnytt moglegheitene i skya

07.10.2024

Tussa og twoday inviterer til frukostmøte på Åndalsnes 23. oktober kl. 08:00.

Tid: Onsdag 23. oktober kl. 08:00
Stad: Utrøna Innovasjonssenter, Strandgata 106, 6300 Åndalsnes

Samarbeid som skaper verdi
Skya gjer det mogleg for bedrifter å innovere raskare og møte stadig tøffare konkurranse, men det er avhengig av at vi byggjer løysingar som er sikre, skalerbare og kostnadseffektive. Saman med twoday viser vi deg korleis moderne skyløysingar føreset eit tett samarbeid mellom utviklar og infrastruktur, og gir nokre gode råd til deg som skal i gang med skyreisa.

Oppdag cyberangrep tidleg
Alle verksemder er utsette for cyberangrep, og det er viktig å oppdage og stoppe desse tidleg for å unngå nedetid og økonomiske tap. Vi viser deg kva som skal til for å oppdage og handtere angrep raskt, og gir eit innblikk i kva som skjer på vårt sikkerheitsoperasjonssenter i Göteborg.