Kva leitar du etter?

Sikkerhet til frukost Ulsteinvik

Frukostmøte: Er sikkerheit eit leiaransvar?

14.10.2024

Vi tjuvstartar Leiarkonferansen i Ulsteinvik med frukostmøte om sikkerheit. Få ein god start på dagen med god mat og godt lag, medan du får ei innføring i dei siste rørslene innan datasikkerheit.

Tid: Torsdag 24. oktober kl. 08:00
Stad: Quality Hotel Ulstein


Datasikkerhet er eit leiaransvar

Mange synest det er vanskeleg å ta ansvar for IT-sikkerheit fordi dei trur det handlar om teknisk kompetanse. Ansvaret sit ikkje i å kunne alle detaljane, men at bedrifta har gode beredskapsplanar og har oversikt over både verdiane, menneska og teknologien. Ved å tenkje over kva ein er mest redd for, og kva konsekvensar dette kan få, får ein fokus på dei mest effektive tiltaka.

Har bedrift di god nok sikkerheitskultur?

IT-sikkerheit handlar ikkje berre om tekniske løysingar. Det er like viktig at alle medarbeidarane er bevisste og veit kva dei må gjere for å unngå farlege situasjonar. Sikkerheitskultur handlar om verdiar, haldningar og korleis medarbeidarane i ei bedrift oppfører seg på arbeidsplassen.

Oppdag cyberangrep tidleg

Alle verksemder er utsette for cyberangrep, og det er viktig å oppdage og stoppe desse tidleg for å unngå nedetid og økonomiske tap. Vi viser deg kva som skal til for å oppdage og handtere angrep raskt, og gir eit innblikk i kva som skjer på vårt sikkerheitsoperasjonssenter i Göteborg.

Meld deg på frukostmøtet og få nyttige råd om korleis du kan sikre bedrifta di best mogleg.