Kva leitar du etter?

20241017 161724

Framgang på Skårelva kraftverk

06.11.2024

Arbeidet på Skårelva kraftverk på Skår i Hjørundfjorden går framover. No er nesten heile rørgata lagt, og kraftstasjonstomta tek form. Kraftverket skal setjast i drift hausten 2025.

Skårelva kraftverk er eit minikraftverk, med ein planlagt kapasitet på 0,99 MW og ein forventa årleg produksjon på om lag 4,7 GWh. Kraftverket vil utnytte eit fall på 238 meter, og har ei rørgate på litt under 900 meter.

20241017 161724
Kraftstasjonstomta på Skår i Hjørundfjorden
Fotomontasje Kraftstasjon fra arkitekt 1
Teikning av korleis kraftstasjonen vert
DJI 0794
Rørgate og grunnarbeidet er utført av Åmdal Maskin
DJI 0768
IMG 7728