Seks fekk støtte frå Tussa berekraftsfond
Tussa har nyleg delt ut midlar frå berekraftsfondet sitt til fem lag og organisasjonar som jobbar for å fremje berekraftige prosjekt i lokalmiljøet. Fondet, som er etablert for å støtte tiltak knytt til FN sine berekraftsmål, har som mål å inspirere til handling som kan redusere miljøpåverknad og styrke lokalesamfunnet.
Dei seks mottakarane har alle presentert prosjekt som legg vekt på miljø eller sosial berekraft. Tussa håper at desse prosjekta vil vere til inspirasjon for andre, og bidra til å auke engasjementet rundt berekraftige løysingar i regionen.
Stor interesse
Det var første gong Tussa delte ut midlar frå Tussa berekraftsfond, og det kom inn særs mange søknader. Den store interessa vitnar om at det er stort engasjement for berekraft i regionen, og søknadene spegla eit mangfald av gode prosjekt, frå energisparing og miljøvern til sosial inkludering og fellesskapsbygging. Det gjorde oppgåva med å velje ut fem mottakarar vanskeleg.
Desse fekk støtte frå Tussa Berekraftsfond i 2024
- Hasundgot IL: Flytte og gjenbruke Høddvoll sitt kunstgrasdekke til Hasundgot
- Gursken IL: Oppgradere alle lys til LED- lys.
- Hareid IL: Støtte til å kjøpe sorteringsstasjonar for søppel til klubbhuset, basishallen, Hadarhallen og ute.
- Volda TI Fotball: innkjøp av kostemaskin med oppsamlar for granulat
- Herøy klatreklubb: Kjøpe brukte klatretak til klatrehallen.
- Ørsta Røde Kors: Oppgradere alle lys i lokala til LED-lys
Ny utdeling i 2025
Neste søknadsfrist for midlar frå Tussa berekraftsfond er 1. mai 2025.
Søk midlar frå Tussa berekraftsfond
Skal motivere til gode tiltak og støtte lokale lag og organisasjonar i å gjennomføre prosjekt som fremjar berekraftig utvikling. Søknadsfrist 1. mai.