Desse skulane fekk nettvettføredrag
Tussa støttar kvart år 10 skular på søre Sunnmøre og Stryn med nettvettføredrag med Barnevakten. Saman med Barnevakten bidreg vi til at barn og unge blir bevisste og trygge mediebrukarar. Våren si fordelingsrunde er no gjennomført, og dette er skulane som fekk støtte.
Vi fekk mange søknader, og har prioritert skular som ikkje har fått støtte til nettvettføredrag tidlegare.
- Ulsteinvik barneskule i Ulstein
- Brandal friskule i Hareid
- Øyra skule i Volda
- Hjørungavåg skule i Hareid
- Velle skule i Ørsta
Skulane får sjølve velje føredrag frå Barnevakten sin føredragsmeny. Her er opplegg tilpassa både foreldre og barn, og føredraga handlar både om moglegheitene og utfordringane knytt til livet på nett.
Ny sjanse til hausten
Tussa er ein stor leverandør av internett i området, og ser det som ein del av samfunnsansvaret vårt å bidra til ein god oppvekst for barn og unge. Nettbruken veks, kommunikasjon og samhandling blir flytta over på digitale flater, noko som aukar behovet for bevisstheit rundt skjermbruk både for barn og vaksne. Tussa oppmodar skular til å nytte Barnevakten sitt føredragstilbod. Neste søknadsfrist er 15. september 2023, og då vil fem nye skular få støtte til føredrag.
Søknadsfrist er 15. september 2023.
Søk om nettvettføredrag
Korleis lære barn å ta smarte val på nett, mobil og i spel? Tussa samarbeider med den ideelle organisasjonen Barnevakten, og dekkjer kostnaden med føredrag om nettvett for ti skular skular på søre Sunnmøre og Stryn.