Kva leitar du etter?

Bilde

André vart fiberkunde nummer 1000

12.12.2024

Fiberkunde nummer 1000 vart feira med kake, blomar og 12 månader gratis internett. André Gjørven, Sunniva Kveen og barna Synne og Audun vart overraska då dei fekk installert Tussafiber 10. desember.

I haust har Tussa sett full trøkk på installering av nytt fiberutstyr til kundane i Stryn, med 100 installasjonar kvar veke. Tussa nyttar den nyaste teknologien (XGS-PON) som gir opptil ti gonger større kapasitet til kvar kunde. Dette betyr at kundane i Stryn får ei moderne og framtidsretta løysing utan behov for omfattande gravearbeid.

Gratis internett i 1 år

Denne veka nådde Tussa nok ein milepæl med 1000 oppkopla fiberkundar i Stryn. Vi tok turen til familien Kveen Gjørven for å overraske dei med kake, gåver og eit år gratis internett, medan montør Kjell-Martin Midtkandal installerte det nye fiberutstyret.

Bilde 1
Fiberplanleggjar i Stryn, David Alden, fibermontør Kjell-Martin Midtkandal, prosjektleiar Kenneth Årsnes saman med familien Kveen Gjørven: Sunniva, André, Synne og Audun.

Lokalt nærvær og kundesenter

Tussa har etablert seg som ein lokal leverandør i Stryn med to kontor i sentrum. Dette gir kundane enkel tilgang til hjelp og støtte. Tussa har også ei lokal breibandspatrulje som kan hjelpe kundane heime, noko som sikrar rask og effektiv problemløysing.