
Trygg på nett
Det kan vere utfordrande å vite kva som er trygt å gjere på nettet. Svindelforsøk blir meir og meir vanlege, og svindlarane blir meir profesjonelle. Vi ønskjer at du og familien din skal føle dykk trygge på nettet, og difor har vi samla nokre gode råd.
Har du kontroll på dei digitale verdiane dine?
Minna er noko av det kjæraste vi har – og i dag er mange av minna våre lagra digitalt. Å miste dei er sårt, og enda verre er det om uvedkomande får tilgang til dei. NorSIS tilrår fem tiltak alle kan gjere for å beskytte sine eigne digitale verdiar, og har sett saman rettleiingar for kvart av dei.
Slik oppdagar du svindelforsøk
Sosial manipulasjon er når nokon prøvar å lure deg til å gjere som dei vil. Ofte utnyttar dei kjensler som stress, frykt og skam for å svindle frå deg pengar eller passord. Hugs at ingen seriøse aktørar, som bank, politi, nettbutikkar eller arbeidsgjevar, vil be deg om å oppgje brukarnamn og passord per telefon, uansett kor «ekte» det høyrest ut. Her kan du lese korleis du avslører dei vanlegaste svindelmetodene.
Er du obs på e-postsvindel?
Dei fleste opplever frå tid til annan å få ein falsk e-post som ber deg om å klikke på ei lenkje, svare på e-posten eller overføre pengar. Av og til er det lett å sjå at e-posten ikkje er ekte, men ofte kan det vere vanskeleg å identifisere eit svindelforsøk.
Søk om støtte til føredrag
Korleis lære barn å ta smarte val på nett, mobil og i spel? Tussa samarbeider med den ideelle organisasjonen Barnevakten, og dekkjer kostnaden med føredrag om nettvett for inntil fem skular på søre Sunnmøre og Stryn.